Spår eit magrare år

Norsk og internasjonal økonomi

Spår eit magrare år

Norsk økonomi går mot ein klar, men kortvarig konjunkturnedgang. SSB spår ein vekst på berre éin prosent i 2015.

I Noreg har mediehausten vore prega av overskrifter som vitnar om sterk uro og uvisse knytt til framtida for norsk økonomi. Årsaka er fallet i prisane på råolje frå Nordsjøen som starta i sommar og held fram utover hausten. I tillegg fall investeringane i oljesektoren for første gong på mange år, med kring ein prosent fjoråret sett under eitt. Uroa er særleg sterk på Vestlandet, kor nedgangen i oljeaktiviteten gir ringverknader for ei rekkje bransjar.

Lågare norsk vekst
SSB anslår at minska etterspurnad frå petroleumsbransjen vil trekkje ned veksten i BNP det neste året. Verknadene av lågare oljeaktivitet skjer både direkte og indirekte, ved å dempe etterspurnaden frå hushalda og mange av næringane som leverer til petroleumssektoren. I følgje SSB står vi difor framfor ein klar, men kortvarig konjunkturnedgang, med låg vekst og høgare arbeidsløyse. Frå anslagsvis 2,6 prosent vekst i BNP for Fastlands-Norge i 2014, kan vi vente oss ein vekst på berre éin prosent i 2015. Arbeidsløysa vil auke frå 3,5 prosent til 3,9 prosent. SSB ventar at den økonomiske veksten vil ta seg opp att til eit moderat nivå i 2016.

Oljeinvesteringane fell
Ein vedvarande låg oljepris vil føre til at fleire investeringsprosjekt blir lagt på is og dermed bidra til ytterlegare reduksjonar i investeringane i petroleumssektoren. I 2015 anslår SSB eit fall på 13 prosent, og ytterlegare sju prosent i 2016. Anslaget er basert på ein oljepris kring 70 dollar fatet, med ein gradvis auke utover 2015.

Fallet i oljeinvesteringane er venta å dempe aktiviteten i verftsindustrien samt reparasjon og installasjon av maskiner og utstyr. Veksten i petroleumsinvesteringane dei siste åra har også vore viktig for tenestenæringane, og aktivitetsnivået er derfor venta å falle i marknadsretta tenesteyting når investeringane flatar ut. I resten av økonomien spår SSB ei jamnare utvikling.

Robust overfor oljeprisfall
På sikt vil reduksjon i oljepris og reduksjon i investeringar påverke heile tilbodskjeda av selskap i petroleumssektoren. Ein må difor rekne med høgare arbeidsløyse, lågare lønsvekst, høgare prisvekst som følgje av dyrare import, og lågare forbruk.

Norsk økonomi vil likevel tole eit kraftig fall i oljeprisen. Det kjem fram i ei makroøkonomisk analyse frå SSB. Artikkelforfattarane peikar mellom anna på at oljefondet utgjer ein buffer som ikkje er sensitiv for fall i kronekursen. Dei framhevar også at arbeidsinnvandringa dei siste åra har gjort arbeidsmarknaden meir fleksibel, sidan mange arbeidsinnvandrarar i nedgangstider vel andre marknader. Også den økonomiske politikken, med flytande valutakurs og eit fleksibelt inflasjonsmål, bidrar til å gjere norsk økonomi robust overfor eit slikt fall.

Samstundes kan eit fall i oljeprisane også ha positive effektar. I løpet av hausten fall kronekursen betydeleg, noko som styrkar dei konkurranseutsette eksportnæringane. SSB spår ein svak vekst i eksporten i 2015, med ytterlegare auke i 2016.
 
Stopp i eurolanda
2013 var første år sidan finanskrisa at fleirtalet av dei europeiske økonomiane opplevde vekst. Det skapte forventingar om at ein endeleg hadde lagt finanskrisa bak seg og gav tru på økonomiske oppgangstider. EU-kommisjonens tal for 2014 syner at betringa ikkje blir like rask som venta. For EU totalt er veksten i BNP rekna til 1,3 prosent, medan landa i eurosona er nede i 0,8 prosent. Også OECD og IMF har justert ned sine prognosar for økonomisk vekst i EU i 2014.

Ifølge EU-kommisjonen skuldast den svake utviklinga mellom anna at 2014 har vore eit år med store geopolitiske spaningar, både i Midtausten og Ukraina. Det skapar uvisse og uro i verdsøkonomien og gjer folk mindre villige til å gjere investeringar.

Usemje om vekstpotensialet
OECD ser mørkt på situasjonen i eurolanda og framheld at landa risikerer ein forlenga stagnasjonsperiode som følgje av vedvarande innstramingar, høg arbeidsløyse og langvarig prisfall.

Sjefen for eurolandas sentralbank, Mario Draghi, avviser at det står så dårleg til med eurolanda og hevdar at det desse landa no opplever er forseinka verknader av krisa. EU-kommisjonen ventar at den økonomiske aktiviteten vil auke etter kvart som etterslepet av krisa forsvinn, strukturelle reformer ber frukter, arbeidsmarknaden blir betre og fleire støttetiltak kjem på plass.

For 2015 ventar EU-kommisjonen ein svak vekst på 1,5 prosent for EU-landa samla, og 1,1 prosent for eurolanda. Veksten er venta å bli driven hovudsakleg av auka etterspurnad innanfrå, grunna gunstig finansøkonomi, finansieringsordningar og skattepolitikk. Dei anslår samtidig ein marginal nedgang i arbeidsløysa både i EU og eurosona, med 0,3 prosent.

Variasjonar i EU
Variasjonen i vekstratar har vore stor i 2014 – frå -2,8 prosent for Kypros til +4,6 prosent for Irland. I 2015 ventar EU-kommisjonen mindre variasjon mellom landa, og ei positiv utvikling for dei fleste land. Tyskland har opplevd låg vekst i 2014, mellom anna grunna EU sine sanksjonar mot Russland. Landet ventar låg vekst også i 2015, med 1,1 prosent av BNP. Veksten er venta å ta seg opp att i 2016, noko som er gode nyhende for norsk økonomi, sidan landet er ein av Noregs viktigaste eksportmarknader.

Økonomiane utanfor eurosona går det betre med. Storbritannia, ein annan av Noregs viktigaste handelspartnarar, har hatt stabil og robust vekst i fleire år, hjelpt fram av auka privatkonsum som følgje av veksande disponible inntekter. Veksten held fram, men blir noko lågare i 2015 enn i 2014. Også Sverige har høg innanlands etterspurnad og difor stabil vekst. EU-kommisjonen anslår at veksten aukar jamt fram mot 2016.

Ny global vekst
Også veksten i verdsøkonomien har vore lågare enn venta i 2014. Prognosane for året blei justert kraftig ned i løpet av året, grunna geopolitiske spaningar og svakheiter i fleire økonomiar. EU-kommisjonen sine haustprognosar viser ein global vekst på 3,3 prosent i 2014. I året som kjem er veksten i verdsøkonomien venta å ta seg opp til 3,8 prosent av BNP.

Eit fall i veksten i den amerikanske økonomien, grunna dårleg vêr i starten på året, var ei av årsakene til at framskrivingane blei justert ned. Økonomien i verdas største økonomi tok seg raskt opp att, og veksten er venta å fortsette med lågare arbeidsløyse og høgare privatkonsum. Prognosane frå EU-kommisjonen viser ein vekst på 3,1 prosent i 2015.

Veksten i fleire av dei veksande økonomiane, dei såkalla BRIIC-landa, stoppa opp i 2014. Også i Kina, ein viktig eksportmarknad for Noreg, er veksten i ferd med å bremse. EU-kommisjonen sine prognosar viser eit fall frå 7,6 prosent i 2013 til 7,1 prosent i 2015.

Kjelder
http://www.aftenposten.no/okonomi/OECD-Veksten-star-i-fare-for-a-stoppe-...
http://ec.europa.eu/economy_finance/eu/forecasts/index_en.htm
http://www.imf.org/external/pubs/ft/weo/2014/02/pdf/c1.pdf
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasj...
http://www.regjeringen.no/pages/38830410/PDFS/PRP201420150001GULDDDPDFS.pdf
http://ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner...
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer