Spår eit magrare år

Norsk og internasjonal økonomi

Spår eit magrare år

Norsk økonomi går mot ein klar, men kortvarig konjunkturnedgang. SSB spår ein vekst på berre 1 prosent i 2015.

I Noreg har mediehausten vore prega av overskrifter som vitnar om sterk uro og uvisse knytt til framtida for norsk økonomi. Årsaka er fallet i prisane på råolje frå Nordsjøen som starta i sommar, og held fram utover hausten. I tillegg fall investeringane i oljesektoren for første gong på mange år, med kring 1 prosent fjoråret sett under eitt. Uroa er sjølvsagt særleg sterk på Vestlandet, kor nedgangen i oljeaktiviteten gir ringverknader for ei rekkje bransjar.

Lågare norsk vekst
SSB anslår at minska etterspurnad frå petroleumsbransjen vil trekkje ned veksten i BNP det neste året. Verknadene av lågare oljeaktivitet skjer både direkte og indirekte, ved å dempe etterspurnaden frå hushalda og mange av næringane som leverer til petroleumssektoren. I følgje SSB står vi difor framfor ein klar, men kortvarig konjunkturnedgang, med låg vekst og høgare arbeidsløyse. Frå anslagsvis 2,6 prosent vekst BNP Fastlands-Norge i 2014, kan vi vente oss ein vekst på berre 1 prosent i 2015.

Ein vedvarande låg oljepris vil føre til ytterlegare reduksjonar i investeringane i petroleumsinvesteringane, som følgje av at fleire investeringsprosjekt blir lagt på is. SSB anslår eit fall i 2015 på 13 prosent, og ytterlegare 7 prosent i 2016. Anslaget er basert på ein oljepris kring 70 dollar fatet, med gradvis auke utover 2015.

Fallet i oljeinvesteringane er venta å dempe aktiviteten i verftsindustrien og reparasjon og installasjon av maskiner og utstyr. Veksten i petroleumsinvesteringane dei siste åra har òg vore viktig for tenestenæringane, og aktivitetsnivået er derfor venta å falle i marknadsretta tenesteyting når investeringane flatar ut. I resten av økonomien spår SSB hovudsakleg ei jamnare utvikling.

Robust overfor oljeprisfall
På sikt vil reduksjon i oljepris og reduksjon i investeringar påverke heile tilbodskjeden av selskap i petroleumssektoren. Ein må difor rekne med høgare arbeidsløyse, lågare lønsvekst, høgare prisvekst som følgje av dyrare import og lågare forbruk. Norsk økonomi vil likevel tole eit kraftig fall i oljeprisen. Det kjem fram i ei makroøkonomisk analyse SSB har gjort. Artikkelforfattarane peikar mellom anna på at oljefondet utgjer ein buffer som ikkje er sensitiv for fall i kronekursen. Samstundes har arbeidsinnvandringa dei siste åra gjort arbeidsmarknaden meir fleksibel, sidan mange arbeidsinnvandrarar i nedgangstider vil velje andre marknadar. Også den økonomiske politikken, med flytande valutakurs og eit fleksibelt inflasjonsmål, bidrar til å gjere norsk økonomi robust overfor eit slikt fall.

Samstundes kan det og vere positive effektar av eit fall i oljeprisane. I løpet av hausten fall kronekursen betydeleg, noko som styrkar dei konkurranseutsette eksportnæringane. SSB ventar at veksten vil ta seg opp att til eit moderat nivå i 2016.

Ny stopp i eurolanda
2013 var første år sidan finanskrisa at fleirtalet av dei europeiske økonomiane opplevde vekst. Det skapte forventingar om at ein endeleg hadde lagt finanskrisa bak seg og gav tru på økonomiske oppgangstider. EU-kommisjonens tal for 2014 syner at betringa ikkje blir like rask som venta. Både EU-kommisjonen, OECD og IMF har justert ned sine prognosar for økonomisk vekst i EU i 2014. For EU totalt er veksten i BNP rekna til 1,3 prosent, medan landa i eurosona er nede i 0,8 prosent. Det viser tal frå EU-kommisjonen.

Ifølge EU-kommisjonen skuldast den svake utviklinga mellom anna at 2014 har vore eit år med store geopolitiske spaningar, både i Midtausten og Ukraina. Det skapar uvisse og uro i verdsøkonomien og gjer folk mindre villige til å gjere investeringar.

Usemje om vekstpotensialet
OECD ser mørkt på situasjonen i eurolanda og framheld at landa risikerer ein forlenga stagnasjonsperiode som følgje av vedvarande innstramingar, høg arbeidsløyse og langvarig prisfall.

Sjefen for eurolandas sentralbank, Mario Draghi, avviser at det står så dårleg til med eurolanda og hevdar at det desse landa no opplever er forseinka verknader av krisa. EU-kommisjonen ventar at den økonomiske aktiviteten vil auke etterkvart som etterslepet av krisa forsvinn, strukturelle reformer ber frukt, arbeidsmarknaden blir betre og fleire støttetiltak er på plass. For 2015 ventar dei ein svak vekst på 1,5 prosent for EU-landa samla, og 1,1 prosent for eurolanda. Veksten er venta å drivast hovudsakleg av auka etterspurnad innanfrå grunna gunstig finansøkonomi, finansieringsordningar og skattepolitikk. Dei anslår samtidig ein marginal nedgang i arbeidsløysa både i EU og eurosona, med 0,3 prosent.

Variasjonar i EU
Variasjonen i vekstratar har vore stor i 2014, frå - 2,8 prosent for Kypros til + 4,6 prosent for Irland. For 2015 ventar EU-kommisjonen mindre variasjon mellom landa, og ei positiv utvikling for dei fleste land. Tyskland har opplevd låg vekst i 2014, mellom anna grunna EU sine sanksjonar mot Russland. Landet ventar låg vekst også i 2015 med 1,1 prosent av BNP. Veksten er venta å ta seg opp att i 2016, noko som er gode nyheiter for norsk økonomi sidan landet er ein av Noregs viktigaste eksportmarknader.

Økonomiane utanfor eurosona går det betre med. Storbritannia, ein annan av Noregs viktigaste handelspartnarar, har hatt stabil og robust vekst i fleire år, hjelpt fram av auka privatkonsum som følgje av veksande disponible inntekter. Veksten held fram, men blir noko lågare i 2015 enn i 2014. Også Sverige har høg innanlands etterspurnad og difor stabil vekst. EU-kommisjonen anslår at veksten aukar jamt fram mot 2016.

Ny global vekst i 2015
Også veksten i verdsøkonomien har vore lågare enn venta i 2014. Prognosane for året vart justert kraftig ned i løpet av året, grunna geopolitiske spaningar og svakheitar i fleire økonomiar. EU-kommisjonen sine haustprognosar viser ein global vekst på 2,2 prosent i 2014. For året som kjem er veksten i verdsøkonomien venta å ta seg opp, til 3,1 prosent av BNP i 2015.
Eit fall i veksten i den amerikanske økonomien grunna dårleg ver i starten på året, var ei av årsakene til at framskrivingane blei justert ned. Men økonomien i verdas største økonomi tok seg raskt opp att, og veksten er venta å fortsette med lågare arbeidslause og høgare privatkonsum. Prognosane frå EU-kommisjonen viser ein vekst på 3,1 prosent i 2015.

Veksten i fleire av dei veksande økonomiane, dei såkalla BRIIC landa, stoppa opp i 2014. Også i Kina, ein viktig eksportmarknad for Noreg, er veksten i ferd med å bremse. EU-kommisjonen sine prognosar viser eit fall frå 7,6 prosent i 2013 til 7,1 prosent i 2015.
 

Kjelder
http://www.aftenposten.no/okonomi/OECD-Veksten-star-i-fare-for-a-stoppe-...
http://ec.europa.eu/economy_finance/eu/forecasts/index_en.htm
http://www.imf.org/external/pubs/ft/weo/2014/02/pdf/c1.pdf
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasj...
http://www.regjeringen.no/pages/38830410/PDFS/PRP201420150001GULDDDPDFS.pdf
http://ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner...
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer