Stabil arbeidsløyse

Arbeidsmarknaden

Stabil arbeidsløyse

I 2014 har gjennomsnittleg arbeidsløyse i Sogn og Fjordane vore uendra samanlikna med 2013. Også i 2015 trur NAV at arbeidsløysa vil halde seg uendra. 

Klart lågast arbeidsløyse i landet
Ved utgangen av desember var 930 personar i Sogn og Fjordane – 1,6 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein reduksjon på 17 prosent frå desember 2013.

Mens Sogn og Fjordane hadde uendra gjennomsnittleg arbeidsløyse i 2013, var det ein auke på åtte prosent på landsnivå.

Sogn og Fjordane hadde klart lågast arbeidsløyse i landet i 2014. Fylket hadde i gjennomsnitt 1,9 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,8 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,5 prosent på landsnivå (figur 1).

Positiv utvikling i industrien
I industrien er arbeidsløysa redusert med åtte prosent frå 2013 til 2014, året sett under eitt (figur 2). Barne- og ungdomsarbeid har ein reduksjon på sju prosent. Dette er nok til å vege opp for ein auke i arbeidsløysa innan butikk og salsarbeid, servicearbeid og helse, pleie og omsorg på høvesvis 12, 9 og 6 prosent.   

Store regionale forskjellar
Arbeidsløysa varierer mykje mellom dei ulike regionane i Sogn og Fjordane. Regionane ytre Sogn/ytre Sunnfjord og Sunnfjord hadde ein auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse på høvesvis 16 og 8 prosent frå 2013 til 2014. Nordfjord og Sogn hadde ein reduksjon på høvesvis 7 og 4 prosent.

Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har lågast arbeidsløyse med 1, 4 prosent, mens Nordfjord har høgast med 2,4 prosent. I Nordfjord er det kystkommunane Vågsøy, Selje og Bremanger som dreg opp gjennomsnittet.

Ventar uendra arbeidsløyse i 2015
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV Arbeids- og velferdsdirektoratet, kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med åtte prosent på landsnivå i 2015. Vår prognose for Sogn og Fjordaner syner ei noko gunstigare utvikling og konkluderer med at  arbeidsløysa vil halde seg uendra på 1,9 prosent. 

Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av NAV i desember 2014.