Stabil stillingstilgang, men framleis reduksjon i arbeidsløysa

Arbeidsmarknaden

Stabil stillingstilgang, men framleis reduksjon i arbeidsløysa

Ved utgangen av desember 2012 var 4 967 personar heilt utan arbeid i Hordaland. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken. 

Arbeidsløysa i fylket er redusert med 12,8 prosent i gjennomsnitt frå 2011 til 2012. Arbeidsløysa er høgast blant menn. 2,0 prosent av den mannlege delen av arbeidsstyrken var heilt utan arbeid ved utgangen av desember 2012 mot 1,8 prosent blant kvinner. Arbeidsløysa har hatt størst nedgang i 2012 blant menn med heile 17,9 prosent, medan den for kvinner har gått ned 5,3 prosent. Arbeidsløysa blant personar med innvandrarbakgrunn har gått ned med 9,9 prosent, og no er nesten 1 600 personar med innvandrarbakgrunn utan arbeid. Arbeidsløysa blant ungdom under 25 år har også hatt ei svært gunstig utvikling og har gått ned med heile 10,9 prosent i gjennomsnitt i 2012. 912 ungdommar under 25 år var utan arbeid i desember 2012.

Voss/ Hardanger er den regionen som har over tid har hatt lågast arbeidsløyse i Hordaland, med 1,4 prosent i gjennomsnitt. Vel 300 personar var registrert som ledige i denne regionen i november.

Stillingstilgangen
I løpet av 2012 blei det gjennomsnittleg lyst ut vel 2 300 ledige stillingar per månad i Hordaland. Dette er om lag på same nivå som i fjor.
Ser ein landet under eitt så har nedgangen vore på 6 prosent. Dette gjeld stillingar som er lyst ut offentleg gjennom ulike media og via www.nav.no.
Stillingstilgangen innan barne- og ungdomsarbeid har auka med eit snitt på 59,8 prosent. Også innanfor jordbruk, skogbruk og fiske, service og helsesektoren har det vore utlyste fleire stillingar i år.

Kompetansegapet
Trass i at det er nedgang i talet på utlyste stillingar, er det likevel ei utfordring å få tak i rett kompetanse. Framleis er det mangel på fagarbeidarar, ingeniørar og helsepersonell. Det ser ut til å være et misforhold mellom yrkesønskja og kva slags stillingar som blir lyst ut. Utfordringa ligg i kor vidt dei registrerte ledige har nok og rett kompetanse i forhold til krava i stillingane. Det er viktig å ”treffe” med dei kompetansehevande tiltaka som NAV set i gang.

Arbeidsløysa i Europa gjer at vi har fått auka tilgang til arbeidskraft utanom Noreg, og ca. 10 prosent av stillingane blir lyst ut i Europa, via NAV Eures. I tillegg deltek Eures på fleire jobbmesser i Europa saman med norske arbeidsgjevarar. Både land som Sverige, Spania og Portugal har overskot på ingeniørar.

Kompetansegapet blir også dekka via utradisjonell rekruttering. NAV har godt samarbeid og satsingar med andre aktørar og arbeidsgjevarar rundt bestemte målgrupper.  Dette gir gode resultat og er med å skaffe verksemdene den arbeidskrafta dei treng. Arbeidet med ungdommar i NY GIV satsinga er døme på dette.

Prognose for 2013
Det er venta at den gjennomsnittlege arbeidsløysa for Hordaland i 2013 vil liggje på same nivå som i 2012, noko som tilseier eit snitt på 5 400 ledige neste år. Føresetnaden er at talet på heilt ledige følgjer normale sesongvariasjonar, og at verdsøkonomien ikkje vert endra utover det vi i Norge kan handtere med finans- og arbeidsmarknadspolitikken. Det er særs gode utsikter for sysselsettinga i oljeindustrien, medan det er venta at sysselsettinga i tradisjonell industri vil falle.