Stadig aukande arbeidsløyse

Arbeidsmarknaden

Stadig aukande arbeidsløyse

Aktivitetsfallet i oljenæringa får ringverknader for arbeidsmarknaden i Hordaland

Sysselsettinga og økonomien i Hordaland har i ei årrekkje vore basert på at oljesektoren er den store motoren for aktivitet. Den bremsar no opp, og det er ingenting som tyder på at aktiviteten igjen skal opp på same nivå som dei rekordstore investeringane dei siste 5 åra. Dermed ventar ein no ikkje ein ordinær lågkonjunktur, men ei omstilling, der oljeindustrien vil sysselsetje færre menneske i åra framover enn i dag. Saman med ein reduksjon i valutakursen kan dette likevel vere gode nyhende for andre bransjar, som får tilgang til arbeidskraft som tidlegare har vore vanskelig å rekruttere.

Hardare arbeidsmarknad
Så langt i 2015 ligg arbeidsløysa noko høgare enn føresetnaden for NAV si prognose på 12 prosent auke frå 2014. Vi ventar dermed at arbeidsløysa kan bli noko høgare enn vi føresåg i januar. Merk likevel at auka i arbeidsløysa er sett i forhold til historisk sett låge nivå. Kombinert med aukande arbeidsløyse, er det ei stadig fallande utvikling i talet på offentleg utlyste stillingar, ned ti prosent frå nivået i 2014. Med fleire ledige og færre stillingar kan arbeidsmarknaden i 2015 bli vanskelegare å navigere for mange.

Utsette grupper
Nokre grupper er meir utsette for arbeidsløyse enn andre. Utviklinga i desse er ofte ein tidleg indikator på utviklingstrekk i arbeidsmarknaden. Per april 2015 er det ein vesentleg auke i talet på ledige innvandrarar frå innanfor OECD-området (30 prosent), medan auka er ganske liten for innvandrarar frå utanfor OECD (3 prosent). Det er også ein auke i ledige ungdomar under 25 år (15 prosent) og for langtidsarbeidssøkjarar (6 prosent).

Utviklinga for oljebransjen
Med omstillinga i oljebransjen er det likevel størst auke av godt utdanna menn mellom 30 og 60 år. Ser vi på yrkesgruppene dei ledige har praksis frå, er det fleire grupper som no har mange ledige, der det tidlegare var svært få. Til dømes «ingeniører innen petroleum, bergverk og metallurgi» der det no er 270 ledige, ein auke på 630 prosent frå i fjor. For «Operatører innen boring» er det no 91 ledige, ein auke på 194 prosent frå i fjor.

Starten på ei omstilling
Forventinga for arbeidsmarknaden er at det vil vere aukande ledigheit i nær framtid. Kor lenge det vil vere slik, og kor mange som vil bli påverka av det er vanskeleg å seie på noverande tidspunkt. Det vil framleis bli skapt arbeidsplassar i Hordaland. Kor mange ledige vi får framover heng saman med kor stor folkeauka vil vere. Arbeidsstyrken vil høgst truleg auke. Talet på sysselsette kan òg gå opp, men truleg ikkje nok til at vi unngår auka arbeidsløyse.

Artikkelen er utarbeidd av Nav Hordaland