Stilling ledig: kvalifisert personell

Arbeidskraft og rekruttering

Stilling ledig: kvalifisert personell

Europa er hardt råka av arbeidsløyse, og få vågar å lite på at krisa i verdsøkonomien er over. Men i Hordaland ropar arbeidsmarknaden etter kompetent arbeidskraft. 

Treng sårt ingeniørar og handverkarar
Til saman manglar fylket nær 5000 kvalifiserte arbeidstakarar. Det viser estimat NAV har gjort på bakgrunn av Bedriftsundersøkinga. 30 prosent av verksemdene ventar å auke talet på tilsette i løpet av det neste året, fem prosent færre enn i fjor.  

Men det kan bli vanskeleg å fylle dei ledige stillingane. Heile 1000 sivilingeniørar og 775 ingeniørar er det bruk for, syner tala frå NAV. Størst er mangelen på sivilingeniørar innan geofag og petroleumsteknologi. Samstundes manglar fylket 1300 handverkarar, av dei er nesten 600 bygningsarbeidarar.

Problema med å rekruttere relevant kompetanse gjeld fleire næringar. Innan finansiell og forretningsmessig tenesteyting melder heile 22 prosent at dei har mislukkast i å rekruttere arbeidskraft dei siste tre månadene. Nesten like mange innan offentleg og privat tenesteyting har rekrutteringsvanskar. Årsaka her er truleg mangel på ingeniørar, sjukepleiarar og lærarar. Men i denne næringa er det fleire som har løyst utfordringa ved å rekruttere personar med annan eller lågare kompetanse.

Redninga er utanlands
I verkstadhallen til NLI i Odda går sveiseapparata varme. Her produserer dei mellom anna koblingsprodukt for subseasektoren og lever godt på olje- og gassektoren. Dei siste fem åra har dei tredobla omsetnaden og utvida arbeidsstokken kraftig. – Vi planlegg å utvide staben med 30 personar det neste året, seier administrerande direktør Ingvald Torblå.

Men i likskap med mange andre har Torblå vanskar med å skaffe den spesialkompetansen han treng. Redninga har han funne i den internasjonale arbeidsmarknaden. I følgje bedriftsundersøkinga planlegg 14 prosent av verksemdene å gjere som Torblå og rekruttere arbeidskraft frå utlandet i 2012. Sjølv i dei næringane som opplever størst vanskar med rekrutteringa, er tala overraskande låge. Berre 14 prosent av verksemdene innan finansiell og forretningsmessig tenesteyting ser arbeidsinnvandring som ei løysing. I byggje- og anleggsnæringa er talet endå lågare, berre 9 prosent. 

Oljeindustrien smør arbeidsmarknaden
NLI i Odda ser ljost på året som kjem, i likskap med andre verksemder som er knytt opp mot olje- og gassektoren. Her går eit klårt skilje, i følgje Bedriftsundersøkinga. Blant verksemder der over halvparten av omsetnaden kjem frå petroleumsindustrien, ventar heile 60 prosent å auke arbeidsstokken i 2012. Hos verksemder utan noka tilknyting til oljesektoren, ventar berre 20 prosent av verksemdene å tilsetje fleire.

Denne todelinga er tydelegast innan industrien, kor den generelle stemninga er meir nøktern. 1 av 3 industriverksemder ventar å tilsette fleire i året som kjem. Men forventingane er høgare blant dei som leverer til petroleumssektoren: Her ventar 4 av 10 å auke talet på tilsette. Resten av sektoren merkar dei tøffe tidene betre, som i verftsindustrien. Men det er først og fremst næringsmiddelindustrien som trekkjer forventingane ned. Nesten 17 prosent bur seg på nedskjeringar her det neste året.

Fleire folk til eksport og tenestesektoren
Det er flest verksemder innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting som ventar å auke talet på tilsette. Det viser tala når vi ser bort frå tilknytinga til oljesektoren. 4 av 10 verksemder ventar fleire tilsette i løpet av 2012. Mange av desse verksemdene leverer tenester til andre delar av næringslivet og er difor avhengig av at det går godt i andre næringar. I tillegg til finans- og forsikringsverksemder, er tekniske konsulentverksemder, rekneskapskontor og bemanningsselskap døme på verksemder som høyrer inn i denne næringsgruppa.

Uroa innan konkurranseutsett industri og tvitydige signal frå verdsmarknaden legg ingen dempar på rekrutteringsbehovet til eksportverksemdene i Hordaland. Blant verksemder med meir enn 50 prosent av omsetnaden knytt til eksport, håpar 4 av 10 å auke talet på tilsette det neste året. Truleg er den viktigaste forklaringa at nesten halvparten av desse eksportverksemdene har petroleumsrelatert omsetnad.