Store skilnader i framtidstrua

Utsikter for 2012

Store skilnader i framtidstrua

Det er framleis gode tider i dei fleste bransjar i Sogn og Fjordane. Men medan nokre ventar vekst og velstand i året som kjem, er utsiktene i andre bransjar langt mørkare. Låge prisar og overkapasitet i verdsmarknaden gjer at råmetallindustrien og havbruksnæringa slit.

Aukar staben
- Marknadsutsiktene er ekstremt spanande, seier Edgeir Aksnes optimistisk. Han er administrerande direktør i IT-selskapet Elis AS i Dale i Sunnfjord. Selskapet har spesialisert seg på utvikling av programvare til energisektoren og har lenge vore dominerande på den norske marknaden. No er Elis i ferd med å etablere seg i Norden og har også kasta auga på det nordlege Europa. Utvidinga vil krevje fleire tilsetjingar i månadene framover.

Sindre Kvalheim, administrerande direktør i LocalHost i Måløy, må òg auke staben for å ta unna etterspurnaden. Vi møter Kvalheim på rekrutteringstur til Bergen der han nett har intervjua fleire kandidatar frå Bangladesh som han håpar vil la seg freiste av utsiktene til IT-jobb i Måløy. - Vi har vakse med om lag 80 prosent per år dei siste åra, men maken til det første kvartalet av 2012 har vi ikkje sett før. Vi har dobla omsetnaden frå same tid i fjor og det er ingen ting som tyder på at det vil stoppe opp.

Varsame optimistar
Elis og LocalHost høyrer til den mest optimistiske delen av næringslivet i Sogn og Fjordane. Andre er meir uroa for kva den næraste framtida vil bringe. Det gjeld ikkje minst verksemder som har storparten av omsetnaden frå eksport. I Sogn og Fjordane handlar det først og fremst om dei store aktørane innan metallindustrien og havbruksnæringa.

Samla sett er næringslivet i fylket varsame optimistar med tanke på den næraste framtida. Den samla forventingsindeksen fell svakt frå same tid i fjor, men ligg framleis trygt på den positive sida. I mest alle bransjar er det fleire som ventar vekst enn tilbakegang. Det er først og fremst indikatorane for omsetnad, lønsemd og eksport som fell samanlikna med for eit år sidan. Når det gjeld investeringar og sysselsetting er det derimot stabilitet eller vekst. Ei mogleg tolking av dette er at fleire har fått krefter til å tenkje ekspansivt sjølv om veksten skulle stoppe opp.

Store skilnader mellom næringane
Det er store skilnader i trua på framtida mellom ulike delar av næringslivet i fylket. Verksemder innan finansiell- og forretningsmessig tenesteyting og transport og kommunikasjon er mest optimistiske. I den andre enden av skalaen finn vi privat tenesteyting og jordbruk, fiske og havbruk. For den siste gruppa er den samla forventingsindeksen jamvel negativ. Det største fallet i optimisme samanlikna med for eit år sidan finn vi i næringsgruppa bergverk, olje og energi – ei næringsgruppe som i Sogn og Fjordane hovudsakleg inneheld steinindustri og energiselskap.

Sprikande signal frå industrien
Tilhøva for industrien sett under eitt er rimeleg gode. Vareeksporten frå Fastlands-Norge har aldri vore høgare enn i mars 2012, i følgje SSB. Eksportverdien voks med over 12 prosent frå månaden før, og nærare 6 prosent frå 1. kvartal 2011. Samstundes er det høg etterspurnad i heimemarknaden. SSB sin industristatistikk for 1. kvartal 2012 viser at produksjonen er stabil og omsetnaden svakt aukande.

Tilgangen på nye ordrar til industrien har likevel falle jamt og trutt dei tre siste kvartala, eit varsel om at veksten i omsetnaden av industrivarer etter kvart kan stoppe opp. Det er også store skilnader i ulike delar av industrien. Medan tradisjonelle eksportvarer som kjemiske produkt og råmetall er i vanskar, går andre bransjar så det susar. Det siste gjeld mellom anna produksjon av metallvarer, maskiner og teknisk utstyr.

I dei siste månadene har det òg kome alarmerande signal frå verftsindustrien. I følgje marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft har tilgangen på nye ordrar vore svakare i dei første månadene av 2012 enn på same tid i fjor. Det er fleire årsaker til dette. Mellom anna ser reiarlaga innan offshore ut til å vere inne i ein periode der dei konsoliderer posisjonane sine heller enn å tinge nybygg. Dei norske verfta opplever òg skjerpa konkurranse frå europeiske verft som grunna svikt i fraktmarknaden har kasta seg inn i kampen om offshorekontraktane.

Lågare forventingar
For industrien i Sogn og Fjordane går den samla forventingsindeksen tilbake frå vel 21 til vel 15 poeng. Det er likevel store skilnader mellom dei ulike bransjane. Den sterkaste optimismen finn vi i tekstilindustrien som ikkje berre har den høgaste forventingsindeksen (56), men som også kan notere ein markert vekst i forventingane samanlikna med i fjor. Det er med andre ord ikkje berre Moods of Norway som har gode tider om dagen. Dette ser òg ut til å gjelde dei andre tekstilverksemdene i fylket. Også når det gjeld produksjon av maskiner og utstyr er det aukande optimisme samanlikna med i fjor. Det er i denne gruppa vi finn alle skipsverfta i fylket. Den tredje bransjen som kan vise til markert vekst i optimismen, er trevareindustrien.

Men i nærings- og nytingsmiddelindustrien er framtidstrua på retur, og den samla forventingsindeksen fell frå 19 til 3. Dette er ein bransje som i følgje SSB sitt konjunkturbarometer er inne i ein god periode, særleg på grunn av auka etterspurnad i heimemarknaden. Men i Sogn og Fjordane driv dei fleste verksemdene i denne gruppa med sjømat og fiskeforedling, og ein stor del av omsetnaden går til eksport. Bransjen er såleis råka av nokre av dei same utfordringane i den europeiske marknaden som det havbruksnæringa er.

Må auke effektiviteten
Også metall- og metallvareindustrien fell markert samanlikna med for eit år sidan og endar på den negative sida med ein samla forventingsindeks på -4. Dette er ei samansett gruppe som både inkluderer råmetallindustrien og ulike typar mekanisk industri. – Aluminiumsindustrien har i fleire år vore ramma av overproduksjon og svak vekst i etterspurnaden, seier Halvor Molland, informasjonsdirektør i Norsk Hydro. Selskapet har justert ned prognosane for veksten i etterspurnaden etter aluminium på verdsmarknaden (utanfor Kina) til 3 prosent for 2012. – Når det gjeld Europa ventar vi faktisk nullvekst, seier Molland. Medan prisane på aluminium har vakse med ein prosent sidan byrjinga av 2010, har prisane på viktige innsatsvarer som koks og kaustisk soda vakse med høvesvis 67 og 127 prosent. – Det seier seg sjølv at dette skapar ein situasjon som ikkje er berekraftig.

Norsk Hydro har møtt utfordringane med eit forbetringsprogram som har som mål å redusere kostnadene per produsert tonn aluminium med $ 300. Sjølv om tidene er tøffe, ser ikkje Molland for seg at det vil skje dramatiske endringar på kort sikt ved Norsk Hydro sine verksemder i Sogn og Fjordane. – No handlar det om å auke effektiviteten i dei anlegga vi har, seier Molland.

Forretningsmessig tjenesteyting i vekst
Hovudnæringa med sterkast tru på framtida, er finansiell- og forretningsmessig tenesteyting. Næringsbarometeret viser at den samla forventingsindeksen endar på 23, opp heile 11 poeng frå same tid i fjor. Dette er ei samansett gruppe verksemder som inkluderer finans- og forsikringsbransjen på den eine sida og på den andre sida eigedomsbransjen, utleige av bilar, maskiner og arbeidskraft og ulike faglege tenester som rekneskap, rådgiving og liknande. Det er først og fremst i denne siste gruppa at optimismen er sterk. Medan den samla forventingsindeksen blant verksemder i finans- og forsikringsbransjen endrar seg lite mellom 2011 og 2012, veks den frå 8 til 25 blant dei som driv forretningsmessig og fagleg tenesteyting.  Fordi dette er verksemder som i all hovudsak lever av å selje tenester til andre delar av næringslivet, er utsiktene i denne bransjen ein god indikator på den allmenne helsetilstanden i det lokale næringslivet. Når dei andre verksemdene i fylket gjer det godt, er det også gode tider for dei som yter dei tenester.

Ei av desse verksemdene er reklamebyrået Inform Media AS i Førde som for tida har 11 faste medarbeidarar. - Vi merka eit tydeleg omslag sommaren 2011, seier dagleg leiar Ole Jonny Klopstad. - Frå det tidspunktet har vi hatt ein jamn straum av kundar som vil skape ein ny og forbetra profil for verksemda si. Vi tek dette som eit teikn på at det lokale næringslivet gjer det bra og tenkjer ekspansivt.  Det er også mange nyetablerte verksemder som har behov for reklametenester. Så langt har vi tilsett to nye medarbeidarar i 2012, men finn vi dyktige folk kan det gjerne bli fleire.

Varsam betring for personleg pleie
Også hos dei som yter tenester til privatpersonar er det gryande optimisme å spore. Den samla forventingsindeksen stig med 6 poeng frå same tid i fjor, men endar likevel ikkje høgare enn på vel tre poeng, nest lågast blant hovudnæringane. Gitt at fylket er mest utan arbeidsløyse, og den private velstanden difor skulle vere god,  er det kanskje overraskande at frisørar og andre personlege  tenesteytarar ikkje har større forventingar til 2012. Til samanlikning steig omsetnaden innan frisering og venleikspleie i Sogn og Fjordane med vel sju prosent frå 6. termin 2010 til 6. termin 2011, i følgje tal frå SSB - eit resultat som ligg godt over landsgjennomsnittet.

Byggjeboom på retur?
Allereie i Næringsbarometeret frå januar registrerte vi eit fall i optimismen blant verksemdene i byggje- og anleggsnæringa. Dei nye forventingstala som er samla inn i mars stadfestar denne utviklinga. Samanlikna med same tid i fjor, fell den samla forventingsindeksen med vel sju poeng. Indeksen endar på 12 poeng som er rett under resultatet for alle næringane samla. Om lag 13 prosent av verksemdene meiner at marknadsutsiktene for inneverande år er betre enn i fjoråret, men det er også rundt 10 prosent som meiner dei har vorte verre. Like fullt ser kvar fjerde verksemd for seg at dei vil tilsetje fleire medarbeidarar og mest ingen ventar reduksjon.

Ser vi Hordaland og Sogn og Fjordane under eitt, er ordrereservane til byggje- og anleggsverksemdene sterkt veksande. Det syner dei siste tala frå SSB.  Berre mellom 3. og 4. kvartal i 2011 voks ordrebøkene med 18 prosent. Samanliknar vi med 4. kvartal året før er veksten på mest 60 prosent – om lag det doble av veksten i landet sett under eitt. Diverre finst det ikkje eigne tal for Sogn og Fjordane, så det er vanskeleg å avgjere kor stor del av denne veksten som er skapt i fylket. Ludvik Solvang i den Florø-baserte entreprenørverksemda Allbygg AS, tek jobbar i begge fylka. – Vi merkar at trykket i byggje- og anleggsbransjen er merkbart høgare i Hordaland enn hos oss, seier Solvang. SSB sine tal over kvadratmeterstorleiken på igangsette bustadprosjekt, stadfestar Solvang sin observasjon. I Sogn og Fjordane voks denne med sju prosent frå februar 2011 til februar 2012, mot 43 prosent i Hordaland. – Vi har likevel nok av oppdrag også på vår side av fylkesgrensa, seier Solvang. – Vi kunne utan tvil ha auka aktiviteten om vi berre fekk fatt i fleire bygningsarbeidarar.

Høgt trykk i IT-bransjen
IT-bransjen er også svært kjenslevar for konjunktursvingingar. Selskap som Elis, LocalHost og Seevia lever i hovudsak av å selje tenester og programvare til andre verksemder. Bransjen er ikkje så stor, men fleire gode døme viser at det er mogleg å byggje suksessrike og konkurransedyktige kompetansearbeidsplassar utanom dei store byane.

Bransjen ser lyst på framtida. Den samla forventingsindeksen endar på 30, som er om lag det same nivået som i 2012. Heile 40 prosent av verksemdene melder at dei vil tilsetje fleire medarbeidarar i løpet av året.

Havbruksnæringa budd på vanskelege månader
Av hovudnæringane er primærnæringane åleine om å ha ein negativ forventingsindeks. Sjølv om talet på verksemder i Bedriftsundersøkinga er for lite til å gi sikre svar, er det mykje som tyder på at det er havbruksnæringa som står for pessimismen.

Det står i kontrast til stemninga på den årlege sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum, som var prega av optimisme. Eksporten av norsk laks til utlandet ligg på eit historisk høgt nivå. Ikkje minst har eksporten til Russland auka dramatisk. Men prisane er låge og vil truleg halde seg på eit lågt nivå også i månadene framover. Enkelte ventar jamvel vidare prisreduksjon. Det er svært mykje fisk i merdane og tilveksten er god. Næringa nærmar seg difor det såkalla MTB-taket (maksimalt tillate biomasse) der styresmaktene vil kunne krevje at det blir sett i verk ekstraordinær slakting. Då vil prisane kunne pressast ytterlegare ned. For ei næring der marginane allereie er under sterkt press, kan dette vere alvorleg. Optimismen på sjømatkonferansen handlar difor om det litt lengre perspektivet. Dei fleste aktørane i bransjen ser for seg at tilbodsveksten vil flate ut mot slutten av året og at dette igjen vil kunne gi prisar som kan auke lønsemda.

- Det er nok først og fremst produsentane som merkar følgjene av dei låge prisane, seier Ingrid Kassen som er administrerande direktør i Norwell AS i Florø. – For oss som sel oppdrettsfisk på den internasjonale marknaden vil lågare prisar normalt gi større volum. Ola Brattvoll i Marin Harvest stadfestar denne observasjonen. - Vi opplever ein kraftig vekst i etterspurnaden etter laks globalt, både frå dei etablerte marknadene i Europa og USA og frå nye marknader som Russland, Brasil og fleire land i Asia. Men samtidig er innteninga redusert grunna låge prisar.