Taktskifte

Leiar

Taktskifte

Omstilling er krevjande, men næringslivet i Hordaland har unike føresetnader for å lukkast. 

Vi er i omstilling. Det er næringslivet samde om. Ei omstilling driven av klimautfordringar, lågare oljepris, ny teknologi  (t.d. solbatteri) og nye forretningsmodellar. På Vestlandet er olje- og gassnæringa særskilt råka. No er 650 ingeniørar registrert arbeidsledige og  fleire vil kome. Kystnære strøk har for første gong lågare forventningar til vekst enn indre strøk i regionen.

Omstilling er krevjande. Det inneber ofte å kutte kostnader og investere på same tid. Næringsbarometeret viser at 45 prosent av bedriftene arbeider meir med omstilling no enn for to år sidan. Dei planlegg å ta i bruk ny teknologi og nye prosessar, og utvikle nye produkt og tenester. Dei som gjer dette smartast og mest framtidsretta vil overleve.

For framtida på Vestlandet er lys. Vi har hundrevis av år med kompetanse innan maritim næring. Vi er best i verda på subsea. Vi har allverdas moglegheiter for å dyrke fram proteinrike råvarer frå havet. Vi er fritt-tenkjande og modige.  Vi klarar å omstille oss.

Næringsbarometeret fortel mellom anna historia om EnviroNor som arbeider for å løyse dei globale utfordringane med tilgang på reint vatn. Gründeren bak EnviroNor har sett saman kompetanse frå ulike bransjar for å byggje sin forretningside. Dersom fleire på Vestlandet tenker og gjer som han går vi ei spennande tid i møte. 

 

Nina Broch Mathisen
Direktør Innovasjon Norge