Tenkjer produktutvikling

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting

Tenkjer produktutvikling

Næringa er den med størst nedgang i forventingane sidan i fjor. Nye produkt  og marknader kan vere løysinga.

Næringsbarometeret viser at fire av ti verksemder innan finansiell og forretningsmessig tenesteyting planlegg å utvikle nye produkt eller tenester i 2015 – fleire enn i næringslivet i fylket sett samla. I Nyskapingsparken i Bergen har gründer Kåre Bottolfsen saman med to kollegaer etablert TicketCo (sjå eigen artikkel). Selskapet har opplevd suksess med digitale billettløysingar, og har drive kontinuerleg produktutvikling sidan det blei etablert i 2011.

Frå å vere ei onlineløysing har produktet blitt utvida med mobilapplikasjon for verifisering og sal av billettar, integrert betalingsløysing og eit rapporteringssystem. Hausten 2013 kunne besøkande på Bergen ølfestival også kjøpe øl med mobilen. – Innovasjon handlar ikkje om å gjere noko som ingen andre har gjort før deg, men om å lage noko som folk vil bruke, seier Bottolfsen.

Snur kappa etter vinden
At innovasjon og omstillingsevne kan vere eit viktig grunnlag for vekst, er også StormGeo eit godt døme på. Det som starta som ein spin-off av TV2, er i dag ein av verdas største leverandørar av kommersielle vêrvarslingstenester. Kontinuerleg produktutvikling og satsing på nye marknader og kundegrupper har vore ein viktig del av utviklinga til StormGeo.

Allereie i 1998 valde selskapet å satse på den profesjonelle marknaden. Det starta med vasskraftindustrien, og kort etter gjekk selskapet inn i offshore-marknaden. Sidan har selskapet utvida i fleire fasar. Gjennom oppkjøp og strategisk samarbeid har det vakse til å bli ein global aktør som i dag har aktivitet mellom anna i Midtausten, Sør-Amerika og USA, i tillegg til i Europa.

Global aktør
Frå å levere vêrvarslingstenester hovudsakleg mynta på eit allment publikum, leverer StormGeo i dag ei lang rekke vêrtenester til eit breitt spekter av profesjonelle kundar – alle med det til felles at dei opererer i bransjar kor nettopp vêret er ein kritisk faktor: Selskapet er til stades innan offshore, fornybar energi, shipping og luftfart.

I 2013 blei StormGeo det første private selskapet i verda til  å bli sertifisert som leverandør av vêrtenester til Luftfartstilsynet både i Norge og Storbritannia. Med oppkjøpet av det amerikanske vêrrutingselskapet Applied Weather Technology, tok selskapet i fjor steget inn i shipping-industrien. Med det har selskapet no 320 tilsette fordelt på 14 land. Vekststrategien har vore vellukka: I 2011 hadde selskapet ein omsetnad på 72 millionar kroner, i 2014 låg den an til å hamne over 380 millionar kroner. Og då selskapet blei seld i mars i fjor, var prislappen på 1,5 milliardar kroner.

Oljeskilje
StormGeo er tett knytt opp mot oljesektoren. Næringsbarometeret viser at denne delen av næringa satsar meir på omstilling enn den delen som ikkje har noko oljerelatert omsetnad. Medan 46 prosent av verksemdene med oljerelatert omsetnad satsar meir på omstilling enn for eitt år sidan, er den tilsvarande andelen i resten av næringa på 35 prosent.

Næringsgruppa for finansiell og forretningsmessig tenesteyting er samansett. StormGeo høyrer truleg til den mest innovative delen av næringa, der forsking og vitskapleg arbeid er ein del av kjerneverksemda. Det er ikkje å forvente at det skal vere ein like høg grad av innovasjon i dei meir tradisjonelle delane av næringa, som mellom anna omfattar både advokatfirma og rekneskapsbyrå.

Kjelder
http://www.bt.no/nyheter/okonomi/StormGeo-solgt-til-Sverige-3087566.html
http://www.stormgeo.com
/