Ny optimisme?

Samla vurdering

Ny optimisme?

Etter fleire år med nedgang i forventingane, ser stemninga i næringslivet no ut til å ha snudd. Berre investeringslysta er framleis dalande.

Forventingar på finanskrise-nivå
Turbulensen det siste året har prega næringslivet i Sogn og Fjordane. Siste året har samla forventingsindeks falle frå 26 til 18 poeng, og forventingsindeksen ligg no nesten på same låge nivå som under finanskrisa. Næringsbarometeret viser likevel ein oppgang sidan mai-målinga, og ein positiv forventingsindeks tyder på optimistane i fylket framleis er i fleirtal.

Det er først og fremst investeringsindeksen som trekkjer ned. Medan alle andre indikatorar peikar oppover samanlikna med mai-målinga, er investeringsvilja nærmast fråverande (sjå figur 1). Næringsbarometeret viser at investeringsindeksen har falle frå 16 til 3 poeng i løpet av dei siste 12 månadene.

Sogn på botn
Tala viser òg store regionale skilnader. Lågast er optimismen i Sogn, der samla forventingsindeks ligg på berre 11 poeng. Til samanlikning er forventingsindeksen på 21 poeng i Nordfjord, som rangerer på topp. Vi ser nærare på situasjonen i Sogn i dette nummeret av Næringsbarometeret.

Tøft for byggjebransjen
– Det er små marginar i bransjen og dei blir mindre og mindre. Det seier André Sunde, dagleg leiar i Dvergsdal og Sunde, ei av dei største byggjeverksemdene i fylket. Byggjenæringa er blant dei som merkar skiftande konjunkturar godt. Det syner òg Næringsbarometeret. Næringa er den einaste med fallande forventingar i 2013. Sunde stadfestar at det er tyngre å drive næringsverksemd i dag enn for nokre år sidan, men ser likevel ikkje heilsvart på det. – Det er til å leve med, seier han.

Ein av tre leverer til olja
Då er optimismen sterkare i industrien. Forventingane har tatt seg kraftig opp sidan førre måling i mai, med ein auke i samla forventingsindeks frå 15 til 24 poeng. Det er framleis lågare enn for eit år sidan, men utviklinga lovar likevel godt for året.

Fylket satsar no sterkare enn nokon gong på å dra betre nytte av dei store oljeressursane utanfor kysten. Denne utgåva av Næringsbarometeret set eit særleg søkelys på petroleumsnæringa i Sogn og Fjordane. Tal frå Næringsbarometeret viser at éi av tre industriverksemder har petroleumsrelatert omsetnad. 11 prosent av desse får meir enn ein fjerdedel av omsetnaden sin frå oljenæringa. Næringsbarometeret har snakka med aktørar som arbeider aktivt inn mot petroleumssektoren, og som har lukkast med å få kontraktar med fleire av dei store oljeselskapa. Det spennande er at fleire av desse ligg utanfor den store oljeklynga i Florø. Østerbø Maskin og SafeClean i Høyanger, OptiPro i Stryn og Luster Mekaniske Industri i Gaupne er alle døme på at det er mogleg å lukkast ved å tilby unike kvalitetsprodukt – og ved ein god dose samarbeid. – Det er mange flinke folk i fylket, vi har det som skal til. Eg trur det handlar mykje om å få opp sjølvtilliten, tenkje strategisk og knyte til seg gode samarbeidspartnarar, seier Steinar Holen, dagleg leiar hos Østerbø Maskin.

Vekst utan euro-turistar
Også innanfor kultur, reiseliv og oppleving er optimismen tilbake, etter ein kraftig dipp på vårparten i fjor. Forventingsindeksen gjer eit hopp på 11 poeng frå førre måling i mai. Det er den sterkaste oppgangen av alle næringar. – Det har vore eit veldig godt år, seier Aud Melås ved Flåmsbrygga. Tunet ved Aurlandsfjorden som omfattar både hotell, bryggjeri, restaurant og kafé, har opplevd omsetnadsauke kvar månad sidan mars. – Dessutan har vi hatt kanskje den beste julebordssesongen nokon sinne, fortel Melås.

Statistikken viser òg at det jamt over har vore eit godt år. Talet på gjestedøger i perioden januar til oktober auka med 2,6 prosent samanlikna med same periode i 2011. Framgangen skuldast ein auke i både norske og utanlandske overnattingar, fortel Kristian Jørgensen, dagleg leiar i Fjord Norway. Men reiselivsnæringa i fylket har også merka konsekvensane av krisa i Europa. – Eurosona har hatt ein kraftig tilbakegang. Samstundes har det kome fleire turistar frå andre land i Europa, mellom anna Danmark, Storbritannia og Polen, seier Jørgensen.

Nye arbeidsplassar
Det siste året har det kome dystre meldingar om arbeidsplassar som er truga av nedlegging eller permitteringar. Men utviklinga hos NorSun i Årdal, der 220 permitteringsvarsel nyleg blei trekte tilbake, gir grunn til ny optimisme. Med nye kontraktar vonar solcellefabrikanten på betre tider framover.

NAV spår ein marginal oppgang i arbeidsløysa i fylket i 2013. Tala frå Næringsbarometeret er derimot oppløftande. 26 prosent av verksemdene ventar å auke arbeidsstokken. Berre åtte prosent fryktar dei må redusere talet på tilsette. Til saman ligg det an til 1 100 nye arbeidsplassar i fylket. Det viser estimeringar vi har gjort på basis av tal frå Bedriftsundersøkinga og registerdata frå SSB. Flest nye arbeidsplassar vil komme innanfor transportnæringa og industrien (sjå tabell 1).

Manglar framleis fagarbeidarar
– Om vi ikkje får nye tilsette, må vi utsetje oppdraga, seier Jan Erik Skahjem, dagleg leiar i Skahjem bygg i Gulen. – Til no har vi rekrutterert fagfolka våre frå regionen, men her er ikkje fleire ledige fagfolk å hente. Skahjem er ikkje åleine. Både i byggjenæringa og fleire andre næringar er mangel på arbeidskraft ei stor utfordring. Til saman melder fire av ti verksemder i Sogn og Fjordane om rekrutteringsvanskar. Ikkje overraskande er det fagarbeidarar det er størst mangel på.  65 prosent av alle som melder om vanskar med rekrutteringa, saknar fagarbeidarar. Det er likevel færre enn for eit år sidan, då 75 prosent meldte om det same.

Oljeboomen får noko av skulda. 43 prosent av alle verksemdene melder at konkurransen om arbeidskrafta aukar som følgje av den høge aktiviteten i oljenæringa. Dette kjem i tillegg til auka lønspress, som mange verksemder i fylket slit med.