Trassar negative signal

Samla vurdering

Trassar negative signal

Fleire spår svakare vekst i norsk økonomi det neste året. Men i Sogn og Fjordane misser dei ikkje motet så lett. Her snur stemninga til svak optimisme etter fleire år med pilar som har peika nedover. 

– I 2013 hadde vi ein auke på 7 prosent. Eg trur 2014 blir eit bra år også, seier senterleiar Gro Eikebø Stang i Elvetorget Senterforening i Førde. Den haldninga ser ut til å gjelde også resten av næringa i fylket. For varehandel og privat tenesteyting aukar forventingsindeksen med seks poeng frå januar i fjor. Lønsemd er den einaste indikatoren som peikar nedover. Trass i meldingar om at forbrukarane har blitt meir varsame med pengebruken, er handelsnæringa i fylket altså optimistar. – Ein snakkar om at det har vore stagnasjon i handelen i Førde, men det har ikkje vi opplevd. Under finanskrisa  var det også mykje snakk om at forbrukarane var blitt meir varsame, men vi merka jo ikkje noko den gangen heller, seier Eikebø Stang.

Treng framleis folk
For næringslivet samla sett stig forventingsindeksen med tre poeng sidan januar i fjor og endar på 21 poeng. Auken skuldast først og fremst ei sterk tru på nye tilsettingar. Indikatoren over tilsette er den som aukar mest samanlikna med i fjor, frå 18 til 24 poeng. Nesten ei av tre verksemder planlegg å auke talet på tilsette i 2014. Berre sju prosent ventar å måtte redusere arbeidsstokken. Størst er forventingane innanfor næringane transport og engros og finansiell og forretningsmessig tenesteyting. 40 prosent av desse verksemdene ventar fleire tilsette i år.

Med tanke på at arbeidsløysa har auka dei siste månadene, er desse tala kan hende overraskande. Men det er verd å merke seg at majoriteten av verksemdene ventar at talet på tilsette vil halde seg stabilt. Sogn og Fjordane har dessutan framleis låg arbeidsløyse samanlikna med andre fylke. I 2013 var gjennomsnittleg arbeidsløyse i fylket på 1,9 prosent, mot 2,6 prosent på landsbasis. Dette kan vere noko av forklaringa på at næringslivet i fylket er relativt optimistiske trass i negative signal frå omverda om lågare norsk vekst og høgare arbeidsløyse i 2014.

Investerer meir
Særleg oppløftande er det at investeringslysta aukar. Etter å ha nærma seg nullpunktet i fjor, endar investeringsindeksen på åtte poeng i år. Ei av fire verksemder ventar høgare investeringar i 2014 samanlikna med 2013. Forventingane til omsetnad aukar også samanlikna med i fjor, medan forventingane til lønsemd går svakt ned. 
Marknadssituasjonen ser ut til å halde seg stabil. Like mange som i fjor, kring 4 av 10 verksemder, opplever marknadssituasjonen som god eller svært god.

Forventingsfulle bønder
Landbruk er den næringa kor forventingane aukar mest. I fjor hadde landbruket ein negativ forventingsindeks på -1 poeng. I år endar den på ni poeng. Oppgangen skuldast at fleire trur på auka omsetnad og høgare investeringar samanlikna med i fjor. Berre åtte prosent venta å investere meir i 2013. I år ventar 20 prosent det same.

Optimisme trass Statoil-kutt
Også industriverksemdene er noko meir optimistiske enn dei var for eitt år sidan. Samla forventingsindeks stig med tre poeng. Næringa ventar både fleire tilsette og auka investeringar i 2014. Det er derimot færre enn i fjor som ventar auke i omsetnaden og lønsemda. Tala frå Næringsbarometeret viser også at den petroleumsretta delen av industrien framleis er meir optimistisk enn verksemder som ikkje leverer til petroleumsnæringa. Forventingsindeksen i dei to gruppene er høvesvis 41 og 26 poeng.

Delar av den petroleumsretta industrien er nok likevel prega av uro for kva som skjer etter kontrakten med Statoil går ut i midten av 2015. – Det er ei avventande haldning, seier Jim Haugland i Fjord Base. – Vi har leigetakarar som er usikre på om og når dei skal investere. Det er eit stort behov for avklaring.

Uvissa handlar både om kor mykje av aktiviteten som blir att, og kva basen eventuelt får i retur. Agnar Strømsnes, administrerande direktør i Saga Fjordbase, vil ikkje lage noko skrekkscenario. – Vi treng fleire detaljar. Meir av røyrhandsaminga skal skje i Florø, men kor vidt det vil kompensere for den aktiviteten som fell vekk, er usikkert. Han ser likevel ikkje mørkt på 2014. – Det skjer mykje positivt. Mellom anna skal det nye produksjonsskipet til BG vere på plass i år, og det vil gi auka aktivitet på basen. Det ser også ut til at boreaktiviteten vil halde fram på eit høgt nivå både på eksisterande felt og på leiteboring i Tampen-området.

Mindre lønsamt å byggje
Bustadmarknaden har flata ut i det siste, med lågare etterspurnad og fallande bustadprisar. Næringsbarometeret speglar ei nøktern haldning også i byggjenæringa i Sogn og Fjordane. Forventingane til omsetnad er dei same som for eitt år sidan, men fleire ventar svakare lønsemd i 2014. Investeringsindeksen er framleis negativ, men færre enn tidlegare ventar reduksjon i investeringane.

Det einaste som trekkjer i positiv retning, er trua på nye tilsettingar. Ei av tre verksemder i bransjen ventar fleire tilsette i 2014. Det gjer at forventingsindeksen samla sett får ein svak framgang og endar på 13 poeng. Dermed ser framtidsutsiktene for byggjenæringa betre ut enn dei har gjort siste åra – trass dystre spådomar.
Dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen og Øvrelid er nøktern optimist. – Vi har godt med arbeid og ordrereserven er tilfredsstillande, så alt ligg til rette for at det skal bli eit bra 2014. Det ser mellom anna ut til at det kjem ein del investeringar i helse- og omsorgssektoren i kommunane. Verksemda starta i fjor arbeidet med å byggje ny terminal til luftambulansen i Førde. Nyleg vann dei også kontrakten om bygging av nytt omsorgssenter i Svelgen.

Færre turistar
Den einaste næringa med dalande forventingar er kultur, reiseliv og oppleving. Der er optimistane blitt færre samanlikna med førre januar-barometer. Samla forventingsindeks fell med åtte poeng. Det skuldast først og fremst lågare forventingar om nye tilsette, der indikatoren fell med heile 19 poeng. Langt færre verksemder ventar å tilsette nye medarbeidarar i år, medan fleire ser for seg å måtte redusere arbeidsstokken. Det er også færre som trur på auka lønsemd. På den positive sida er det færre enn i fjor som ventar redusert omsetnad.

Færre turistar frå store marknader som Tyskland, Nederland og Storbritannia er truleg noko av forklaringa på den labre stemninga i næringa. – Denne nedgangen vil nok halde fram neste år også, seier dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug. – Det gjeld heile landet, ikkje berre Sogn og Fjordane. Men for oss betyr det ekstra mykje, sidan vi har mindre forretningstrafikk som kan kompensere for nedgangen i ferie- og fritidstrafikken.

Det finst likevel lyspunkt. Fleire turistar frå Asia, Russland og delvis Sør-Europa veg opp for noko av fallet i dei tradisjonelle marknadene. – Sogn og Fjordane tar i mot ein stor del av dei asiatiske tilreisande til Norge. For Sør-Korea har vi så mykje som 50 prosent marknadsdel, seier Brandshaug, som trur veksten i dei nye marknadene vil halde fram neste år. – Vi ser m.a. fleire tilreisande hytteturistar frå Frankrike og Italia, særleg her i Sogn.

Ei svakare krone kan også bidra til å gjere nedgangen mindre dramatisk enn venta. – Det blir dyrare for nordmenn å reise ut, og billegare for utlendingar å kome hit. Det kan slå positivt ut, seier Brandshaug.