Treng framleis folk

Arbeidsmarknaden

Treng framleis folk

Med høg aktivitet i olje- og gassektoren, har arbeidsløysa falle for kvart år i fylket. Men no ser arbeidsmarknaden ut til å stabilisere seg.

Hordaland er eit todelt fylke. Olje- og gassektoren held fram oppgangen og aukar aktiviteten, men dei tradisjonelle industriverksemdene har større vanskar med å halde oppe aktivitetsnivået. Hittil har resultatet totalt sett for fylket vore ei stadig fallande arbeidsløyse. Denne utviklinga viser no teikn til å flate ut.

Meir stabilt
Arbeidsmarknadstala for april viser at det ikkje lenger er særleg nedgang i talet på ledige samanlikna med året før, og at den sesongjusterte arbeidsløysa aukar. Ser vi denne utviklinga i lys av NAV Hordalands arbeidsmarknadsprognose og kva verksemdene melder inn i denne bedriftsundersøkinga, er det mykje som talar for eit stabilt nivå på arbeidsløysa i tida framover. Samstundes kan ein vente aukande utfordringar for utvalte grupper som innvandrarar.

Tilset fleire
Verksemdene er jamt over noko meir optimistiske enn dei var i same undersøking i fjor. Dei minst optimistiske bransjane er transportnæringa og delar av industrien som næringsmiddel- og treforedlingsindustrien som forventar stabilitet i talet på tilsette. Langt dei fleste næringar ventar auke i talet på tilsette. Utrekningar viser at arbeidsgjevarane ut frå dette etterspør ca. 3 800 nye arbeidstakarar i Hordaland. Dette samsvarar med NAV Hordaland si arbeidsmarknadsprognose som anslo at det var behov for omtrent så mange nye arbeidsplassar for å ta unna forventa folketalsvekst.

Færre langtidsledige
Ved utgangen av april 2013 var det 5 392 heilt arbeidsledige i Hordaland, noko som utgjer 2,0 % av arbeidsstyrken. Det er ingen store variasjonar mellom regionane i fylket på dette tidspunktet. Samanliknar vi med 2012, er det ei halvering i bruk av permitteringar. Det er framleis reduksjon i talet på langtidsledige. Også arbeidsløysa blant ungdom under 25 år går ned. Derimot har arbeidsløysa blant personar med innvandrarbakgrunn stige. Gjennomsnittleg arbeidsløyse hittil i år er 10 prosent høgare enn same periode i fjor, noko som kan vere eit teikn på at marknaden er i ferd med å snu.

Jamn etterspurnad
Dei fire første månadene i 2013 auka stillingstilgangen med 4,1 % samanlikna med 2012. Sjølv med denne svake oppgangen, ligg Hordaland nokså jamt på same nivå i stillingsutlysinga som har vore gjeldande dei siste 2-3 åra. Etterspurnaden i arbeidsmarknaden er ganske stabil, som også bedriftsundersøkinga viser.

Artikkelen er skriven av NAV Hordaland