Trongt om plassen på vegane

Transport og engros

Trongt om plassen på vegane

Det er hard konkurranse om å frakte både gods og personar i fylket. Tøffe anbodsrundar og prispress frå utanlandske transportørar gjer at næringa slit med lønsemda. 

Transportbransjen er konkurranseutsett og slit med lønsemda, også i Sogn og Fjordane. Godstransporten opplever hard konkurranse frå utanlandske selskap. Men også den innanlandske konkurransen om buss- og ferjeruter i fylket er hard. Fjord1 har tapt nokre viktige anbodsrundar i det siste, t.d. det største ferjesambandet i fylket; Lavik-Oppedal. Den største aktøren i fylket, Firda Billag, er inne i spennande anbodsrundar og kan få eit lagnadsår i 2013. – Det blir stadig færre busselskap, og vi arbeider for å posisjonere oss i bussmarknaden i Norge. Det går mot større einingar der små selskap anten blir kjøpte opp, eller så taper dei anbod, fortalde administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun til NRK i april 2012.

Har valt å selje
Den nest største transportøren i fylket, Byrknes Auto i Gulen med 100 tilsette, vart hausten 2012 kjøpt opp av Tollpost Globe. Gründer og eigar Stein-Inge Larsen skal halde fram som leiar for selskapet frå Byrknesøy. Larsen seier til Bergens Tidende at det er hard konkurranse frå utanlandske transportørar som gjer at han vel å selje selskapet. Salet sikrar òg dei tilsette i selskapet som får ein stabil og solid arbeidsgjevar framover. Det kan sjå ut som ein må vere transportør i ei nisjenæring utan for stor konkurranse for å kunne klare seg i dag. Johny Birkeland Transport AS, eit anna selskap frå Gulen, er døme på ein slik transportør (sjå eiga sak).

Varsam framtidstru
Etter ein jamn nedgang sidan 2011, ser utviklinga endeleg ut til å snu i positiv retning. Forventingsindeksen peikar no svakt oppover att og endar på 27 poeng. Bedriftsundersøkinga viser også at halvparten av dei spurde verksemdene vurderer den generelle marknadssituasjonen som god eller svært god. Berre ein av ti meiner situasjonen er dårleg. Dette er oppløftande tal, sjølv om det alltid vil vere noko uvisse knytt til tal frå slike bedriftsundersøkingar. Undersøkinga indikerer likevel at næringsaktørane har fått noko meir tru på framtida enn kva dei hadde for 2012. Fire av ti verksemder har noko større verdi på ordrebehaldninga i dag enn ved inngangen til 2012, medan ein av ti har vesentleg større ordrebehaldning. Dermed ser den kraftige nedgangen no ut til å endre seg. Det er likevel for tidleg å seie korleis den langsiktige utviklinga vil bli.

Manglar framleis sjåførar
Men næringa slit framleis med rekrutteringa. Meir enn kvar tredje verksemd innan gruppa transport og engros seier at dei har rekrutteringsvanskar. Det gjeld ikkje berre fagarbeidarar, som sjåførar, men også teknisk personell. – Vi merkar at det har blitt vanskelegare å rekruttere dyktige sjåførar, seier Johny Birkeland. I dag er det dyrt for mange å ta lastebilførarkort. Vi har også brukt å ha god tilgang på lærlingar, men ikkje det siste året. For å få tilsett nye sjåførar har vi byrja å betale for sjåføropplæringa, mot at sjåførane bind seg til verksemda for ein viss periode. Trass i rekrutteringsvanskane som mange i næringa opplever, ligg det an til 256 nye arbeidsplassar innanfor transport og engros i 2013. Det viser estimat frå Næringsbarometeret.

Kjelder
NRK Sogn og Fjordane 25.4.12: Firda Billag blir for lett
BT 18.12.12: Solgte livsverket
SSB Registerbasert sysselsettingsstatistikk
SSB Statistikkbanken, transport