Tvilar seg framover

Varehandel og personleg tenesteyting

Tvilar seg framover

Handelsstanden i Sogn og Fjordane har nesten like låge forventingar til 2013 som under finanskrisa. Men i Sogndal er ambisjonane høge. 

– Vi har som mål å bli det største kjøpesenteret i fylket, seier senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud ved kjøpesenteret Amfi Sogningen. Han har svært positive forventingar til 2013, og har budsjettert med ein auke i omsetnaden på heile 30 prosent. – Vi har hatt opning i dag av 16 nye butikkar. Folk kjem heilt frå Voss for å handle hos oss no – dei har ikkje Hennes & Mauritz på Voss, seier Tangerud. Etter nyopninga tel kjøpesenteret 56 butikkar. Det inkluderer både kjedebutikkar og lokale butikkar med eige særpreg. Sjølv om Sogndal kommune berre har 7 300 innbyggjarar, er ikkje Tangerud uroa over kundegrunnlaget. – Vi satsar på å trekkje folk frå heile fylket. Vi trur kombinasjonen av lokale butikkar og kjedebutikkar kjem til å trekkje kundar.

Handlar trass uvisse
2012 har vore prega av stor uvisse om den europeiske økonomien. Men her heime har ikkje forbrukarane vorte skremde. Dei handlar som før og enda meir. Salet av bilar avslører at forbruket i Norge framleis stig. Bilsal er ein god indikator på handelskonjunkturar, og mellom 3.kvartal 2011 og same kvartal 2012 auka sal og vedlikehald av bilar med 4,7 prosent. Det syner nasjonale tal frå SSB. Ein ser liknande trendar også for andre bransjar, som til dømes detaljverksemdene.

Lågare forventingar
Verksemdene sine forventingar til 2013 er samla sett positive og ligg på 14 poeng. Dermed er det fleire verksemder som har positive enn negative forventingar til det neste året. Samstundes ser vi at næringa sine forventingar til framtida har endra seg dramatisk det siste året. Førre januar låg samla forventingsindeks for næringa på 25 poeng. Målinga i mai fall saman med høgdepunktet i eurokrisa, då uvissa kring EU si framtid var størst. Det kom til uttrykk i ein forventingsindeks som var den lågaste sidan målingane starta i 2007. Siste måling syner at uvissa frå maimålinga har vorte litt mindre. Men forventingane er på nesten same låge nivå som under finanskrisa i 2009.

Ser lyst ut for næringa
Thomas Angell er direktør for Handel i hovudorganisasjonen Virke. Han trur at verksemdene sine varsame forventingar for 2013 er påverka av uvissa knytt til krisa i Europa, men meiner det er liten grunn til å bli uroa. – Både nasjonalbudsjettet frå finansdepartementet og SSB sine prognosar for konjunkturane for neste år tyder på vekst for næringa, og då særleg for detaljhandelen. Så framt arbeidsløysa ikkje stig framover, ser det lyst ut for næringa, meiner Angell. – Nasjonalbudsjettet for 2013 legg opp til reallønsvekst i landet, og dessutan er arbeidsløysa låg. SSB sine prognosar for forbruksutviklinga framover tyder på jamn vekst i det private forbruket på 4-5 prosent årleg dei neste åra, seier han. I tillegg til reallønsvekst og låg arbeidsløyse har prisstiginga stagga dei siste åra. Alt dette er faktorar som fører med seg auka kjøpekraft i befolkninga. Den kraftige folketalsveksten i Noreg vil også føre til auke i salet av forbruksvarer.

Kjelder
SSB: Registerbasert sysselsettingsstatistikk