Uroa veks i eksportnæringane

Samla vurdering

Uroa veks i eksportnæringane

Økonomien i fylket er inne i ein svært god periode, men næringslivet lét seg ikkje rive med. Næringsbarometeret viser eit svakt fall i framtidstrua samanlikna med same tid i fjor. Særleg eksportverksemdene ser med veksande uro på den næraste framtida. 

Lågare forventingar trass gode tider
Næringslivet i Sogn og Fjordane er i upåklageleg god form, i følgje dei fleste økonomiske nøkkeltal. Arbeidsløysa har falle med 10 prosent sidan april i fjor og ligg no på 2 prosent. Berre Rogaland, med 1,9 prosent, kan vise til betre tal enn dette. Samstundes har sysselsetjinga auka med 2000 personer frå slutten av 2010 til slutten av 2011, viser SSB sine Arbeidskraftsundersøkingar. Også dette er godt over landsgjennomsnittet. Talet på konkursar er også på vei nedover. Medan 25 verksemder måtte kaste inn handkledet i første kvartal 2011, er det berre 14 som har gjort det same i dei tre fyrste månadane av 2012. Ingen andre fylke i landet har ein sterkare prosentvis nedgang i talet på konkursar. Sogn og Fjordane har også det lågaste talet på konkursar i høve til talet på verksemder. Berre ei av tusen verksemder gjekk konkurs i første kvartal 2012, medan talet for resten av landet er 2,2.

Næringslivsleiarane i fylket let seg likevel ikkje rive med. Trass i dei gode tidene, ser næringslivet i fylket noko mindre lyst på framtida i dag enn dei gjorde for eit år sidan. Det viser resultata frå Bedriftsundersøkinga. Den samla forventingsindeksen fell svakt frå 16 til 13 poeng, og bryt den positive trenden som har vore registrert dei to siste åra. Fallet i forventingar er særleg stort når det gjeld omsetnad og lønsemd. Begge desse indikatorane blir redusert med rundt 10 poeng. Når det gjeld talet på tilsette er forventingane derimot stabile og indikatoren for investeringar peikar jamvel oppover.

Varskorop frå eksportnæringane
Det er utsiktene i eksportmarknaden som kastar dei mørkaste skuggane. Blant verksemder som hentar over halvparten av omsetnaden frå eksport, er den samla forventingsindeksen sterkt negativ (- 26). Det er ei dramatisk utvikling sidan Næringsbarometeret frå mai 2011, då denne gruppa hadde ein forventingsindeks på + 46. For verksemder med mindre enn 25 prosent av omsetninga frå eksport, er utviklinga derimot marginalt positiv.

I Sogn og Fjordane er det berre rundt sju prosent av dei private verksemdene som hovudsakleg produserer for eksport. Men fordi mange av desse verksemdene er store, utgjer dei ein langt større del av den samla arbeidsstyrken. Dette gjeld i særleg grad aluminiumsindustrien og delar av verftsindustrien. I tillegg er desse ofte heilt sentrale hjørnesteinsverksemder i lokalsamfunna. Den andre store gruppa av eksportverksemder er innanfor havbruk. Sjølv om ikkje dette er ei særleg arbeidsintensiv næring, gjev den likevel viktige jobbmoglegheiter i strok der det ofte er skrint med anna arbeid.

Kva med oljeboomen?
Aktiviteten i den norske petroleumssektoren er på eit historisk høgt nivå. Estimata for investeringane i olje- og gassverksemda i 2012 er på rekordhøge 186 milliardar kroner. Men mykje tyder på at næringslivet i Sogn og Fjordane ikkje har klart å dra like god nytte av denne veksten som nabofylka. Oljeserviseverksemda på og rundt oljebasen i Florø er i vekst, og verft som Havyard er i betydeleg grad retta inn mot bygging av offshorefartøy til oljenæringa, men utover dette er det lite petroleumsretta verksemd i fylket.

Det ser heller ikkje ut til at dei petroleumsretta verksemdene har betre utsikter enn andre delar av næringslivet. Den samla forventingsindeksen for selskap som hovudsakleg leverer utstyr og tenester til petroleumsnæringa skil seg ikkje merkbart frå resten av næringslivet. Dette står i skarp kontrast til Hordaland, der vi ser konturane av ein todelt økonomi, og der det først og fremst er verksemdene sine relasjonar til oljeøkonomien som avgjer kor lyst dei ser på framtida. At det nettopp er Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn som er den minst optimistiske av regionane i fylket, er vel og eit uttrykk for at ringverknadene frå petroleumsverksemda er svakare enn det vi ser andre stader langs vestlandskysten.

Kanskje er ikkje næringslivet i fylket raske nok til å snu seg rundt og utnytte dei nye moglegheitene som byr seg. Færre verksemder går konkurs i Sogn og Fjordane enn i noko anna fylke i landet, men samtidig ligg fylket på botnen når det gjeld talet på nyetableringar. Fylket si satsing på entreprenørskap i skuleverket har enno ikkje gitt seg utslag i auka nyskaping.

Nøktern optimisme
Utsiktene for dei næraste månadane må likevel ikkje svartmalast. Alle forventingsindikatorane ligg trygt plassert på den positive sida. Det viser at fleire ventar vekst enn nedgang. Kvar tredje verksemd ventar vekst i omsetninga og mest like mange ser for seg at lønsemda skal bli betre. Når det gjeld sysselsetjing, vil om lag 25 prosent av verksemdene auke talet på tilsette medan rundt 10 prosent vil redusere. Dette er nærast identisk med resultata frå Bedriftsundersøkinga i 2011 som altså leidde til ein auke i sysselsetjinga på rundt 2000 personar.

Kamp om kompetansen
Dersom behovet for nye arbeidstakarar blir like stort i 2012, vil det utan tvil bety kamp om kompetansen. Mykje tyder på at dette kan kome til å skje. Så langt ligg talet på ledige stillingar om lag på same nivå som i fjor. Det viser april-tala frå NAV. I Bedriftsundersøkinga melder omlag 16 prosent av verksemdene at dei har freista å rekruttere nye medarbeidarar dei siste tre månadane utan å lukkast. Om lag halvparten av desse har løyst utfordringa ved å tilsetje personell med lågare eller ein annan kompetanse.

I eit fylke mest utan arbeidsløyse er tilførsel av hender utanfrå ei nærliggande løysing. Utanlandske arbeidstakarar utgjer kring 10 prosent av arbeidsstyrken i fylket og mange verksemder er hundre prosent avhengig av arbeidsinnvandring for å få hjula til å gå rundt (sjå eigen artikkel om dette temaet). Mykje tyder på at denne utviklinga vil halde fram. I Bedriftsundersøkinga seier 17 prosent av  dei private verksemdene at dei planlegg å rekruttere arbeidskraft frå utlandet det komande året. Dette er eit par prosent fleire enn på same tid i fjor.