Utflating etter gode år

Samla vurdering

Utflating etter gode år

Næringslivet i Hordaland har noko mindre tru på året som kjem enn kva dei hadde for eitt år sidan. At få vil investere, vitnar om ein usikker marknad. Dei fleste ventar likevel at 2014 blir om lag som 2013. 

Bedriftsundersøkinga viser at næringslivet i fylket sett under eitt er blitt meir pessimistiske samanlikna med i fjor på same tid. Det gjeld både omsetnad, lønsemd og investeringar. I 2013 låg samla forventingsindeks for dei to største næringane, bygg og anlegg og industri, på høvesvis 21 og 24 poeng. I år har begge næringane hamna ned på høvesvis 12 og 10 poeng. Det er særleg manglande investeringslyst som slår ut. Samstundes er det viktig å understreke at dei fleste næringane likevel ikkje ventar dei store endringane det neste året i høve til i fjor. Når det gjeld trua på tilsettingar, ligg det på same nivå som i fjor på denne tida.

Optimistar til sjøs
Dei som driv med fiske og havbruk har størst tru på oppgang neste år. Flest som venter nedgang, finn vi i landbruket. Det er verdt å merke seg at både og kultur- og reiselivsnæringane og transport- og engrosnæringane ventar ein oppsving i året som kjem. Tala viser at verksemdene samla sett har mindre tru på at 2014 vil gi auka omsetnad eller lønsemd i høve til 2013. Ikkje minst ser vi at investeringslysta er den lågaste sidan 2009. Jamført med målinga frå januar 2013 viser indeksen ein samla nedgang i omsetnad, lønsemd og investeringar.

Vågar ikkje investere
Optimismen har dala sidan januar 2013. Då viste «omsetnadsbarometeret» 33 poeng, medan talet for januar 2014 ligg på 20 poeng. Trua på lønsemd har også blitt mindre på denne tida. Indeksen har gått frå 24 til 18 poeng i januar 2014. Investeringslysta fekk seg ein knekk i 2009, og har etter den tid lege høvesvis lågt. For denne målinga viser indeksen minus 3 poeng.  Det vil seie at det er fleire som ikkje vil investere enn som vil investere. Situasjonen er ikkje dramatisk, men signaliserer truleg at den reduserte veksten i norsk økonomi kan ha nådd Hordaland – og då visse næringar kraftigare enn andre.

Vil tilsette fleire
Innan transport og engroshandel er det likevel optimisme. Forventingane til nye tilsetjingar i året som kjem har ikkje vore større sidan januar 2012, og vi ser en kraftig oppgang i høve til mai 2013 på rundt 26 poeng. I desse næringane ventar ein også vekst i investeringane i 2014, medan forventingane til lønsemd ligg om lag på same nivå som i mai 2013 (sjå eigen artikkel). Næringsgruppa kultur, reiseliv og oppleving kan, saman med transport og engroshandel, vise til den høgaste indeksen med vel 23 poeng. Det er særleg opplevingsnæringa som er optimistisk til lønsemd og nye tilsetjingar i 2014, sjølv om ein innan desse næringane har låge forventingar til omsetnad og investeringar for det komande året.

Nedtur for varehandel
Byggje- og eigedomsnæringa har på si side ein kraftig svikt i sine forventingar frå mai 2013, etter ein kort periode med stigande forventingar. Industri og varehandel opplever same kraftige nedtur. Varehandel har den lågaste samla forventingsnivået av næringane med 5 poeng. Like etter kjem industri og byggje- og eigedomsnæringane med om lag 10 poeng.  Men, som vi har peikt på; uansett næring reknar dei fleste med eit år om lag som i fjor – eller noko betre. Slik sett kan ei seie at optimismen framleis rår i Hordaland, men at det ligg mørke skyer i horisonten.

Tyngst i utkanten
Tala peikar i retning av ein sentrum-periferi-dimensjon i Bedriftsundersøkinga. Bergensregionen – som er Bergen og Os – utgjer sentrum og har høgast skår på forventingsindeksen, medan dei andre regionane som utgjer periferien i denne samanheng har lågast skår. Næringslivet i Bergen og Os toppar forventingsindeksen, medan næringslivet i Sunnhordland og Hardanger ligg på botn.  I Nordhordland er dei mest optimistiske med omsyn til omsetnad og investering i året som kjem.  Samstundes meiner næringslivet der at 2014 ikkje er året for nye tilsetjingar og auka lønsemd.

Den regionale skilnaden i framtidsvon kan henge saman med næringsstruktur i dei ulike regionane, og i kva grad dei har lukkast i å byggje opp livskraftige kompetansemiljø. Bergen har klart å byggje opp sterke miljø innan maritime og marine næringar, men også innan oppleving, kultur og reiseliv, media og kulturbasert næringsliv. Denne breidda i næringslivet som Bergen har som regionhovudstad medverkar truleg i stor grad til at pessimismen ikkje slår så kraftig ut her. 

Lyspunkt i Hardanger
Men situasjonen i Hardanger er ikkje heilsvart, til tross for låg skår på forventingsindeksen. Både for Odda Plast i Odda og Tizir Titanium & Iron AS (TTI) i Tyssedal ser 2014 lys ut. TTI har i dag rundt 170 tilsette i Tyssedal. Då selskapet Odda Plast AS vart etablert i 1974 , var det fordi den kjemiske industrien i Odda trong alternative material til bruk i korrosive miljø. Men dei seinare åra har dei arbeidd seg meir over mot offshoremarknaden. Felles for begge verksemder er at marknaden spør etter produktet nett dei produserer. TTI er einaste produsent av titandioksidslagg i Europa, og produserer titandioksidslagg og høgreint råjern frå ilmenitt.

– 2013 var eit bra år historisk, men vi ser at verda ikkje går i den farten som vi ønskjer, seier dagleg leiar ved Tizir Titanium & Iron AS i Tyssedal, Nils Johan Ystanes. – Vi reknar med ein omsetnad på éin milliard kroner og investeringar på mellom 12 og 70 millionar kroner i 2014. Vi ventar ikkje å gå med overskot i 2014, og vi skal berre tilsetje ein person i år. Det har vore utfordrande å få tilsett ingeniørar og innkjøpar, samt økonomilærling . 

Plast til oljebransjen
Også plastprodusenten på andre sida av Sørfjorden har gode tider, med aukande leveransar til offshoremarknaden. Dagleg leiar Gisle Markus i Odda Plast AS fortel at i dag er offshore og industri like store marknader, men at dei i framtida ser for seg at offshore vil bli størst. – Vi forventar både auka omsetnad og lønsemd i 2014 i høve til fjoråret. Det er også satt av 1,5 millionar kroner til investeringar i år. Odda Plast har i dag 41 tilsette, og vi reknar ikkje med å tilsetje fleire i inneverande år.

Det er verdt å merke seg at den samla forventingsindeksen for 2014 ligg under halvparten av kva han låg på i januar 2012, noko som også vert reflektert i regionane. Andelen som trur på eit betre år enn året før er altså langt lågare for 2014 enn for 2012 - i alle regionar og næringar.

Todelinga mindre tydeleg 
Det er framleis eit skilje mellom verksemder med og utan petroleumsrelatert omsetnad. Verksemder som er direkte knytt til oljeverksemda eller leverer til denne, er gjennomgåande meir optimistiske for året som kjem enn den delen av verksemdene som ikkje har slik tilknyting. Skilnaden mellom dei to er likevel mindre enn i fjor. Då var petroleumsrelaterte verksemder langt meir optimistiske enn dei utan slik tilknyting. Uansett tilknyting så ventar den største andelen at 2014 blir om lag som året før.

Skiljet går i første rekkje på forventingar om å tilsetje fleire i året som kjem. Blant verksemder med petroleumsrelatert omsetnad ventar halvparten å tilsetje nye medarbeidarar komande år, medan tre av ti verksemder utan petroleumsrelatert omsetnad har slike forventingar. Verksemder med tilknyting til petroleumssektoren har også noko større forventingar til auka omsetnad og lønsemd enn verksemder som ikkje har slik tilknyting.

Tilgang på arbeidskraft
Bedriftsundersøkinga viser at næringslivet i Hordaland sidan 2012 har hatt forventingar til å tilsette nye medarbeidar. Samstundes har det lenge vore vanskeleg å rekruttere kvalifiserte fagarbeidarar, ingeniørar og sivilingeniørar. Mangel på kvalifisert arbeidskraft gjeld ikkje berre distrikta, også verksemder i Bergensområdet merkar dette. Løysinga har for mange vore å rekruttere utanlandsk arbeidskraft (jf. artikkel om Stoltz Entreprenør).

Inga utlånskrise
Bankane har fått kritikk for å bremse bedriftsetablering og investering ved å vere meir restriktive på utlån til bedrifter. Men tal frå Bedriftsundersøkinga viser at det ikkje er noka akutt krise på trappene. 29 prosent meiner tilgangen på kapital er god, 24 prosent meiner han er dårleg, medan 47 prosent meiner han er verken god eller dårleg. Det er visse skilnader mellom næringane i synet på lånetilgang. Halvparten av dei spurde innan fiske- og oppdrettsnæringa er nøgd, medan fire av ti verksemder innan industri og tre av ti innan transport- engrosnæringane er nøgd. Minst nøgde er bøndene. Innan varehandel og kultur og reiseliv er det flest verksemder som er middels nøgd med tilgangen på kapital.