Ventar auka arbeidsløyse

Arbeidsmarknaden

Ventar auka arbeidsløyse

Låg økonomisk vekst og svakare utsikter innanfor petroleumsnæringa gir høgare arbeidsløyse i Hordaland.

Hordaland har i nokre år hatt ein todelt økonomi, der petroleumsnæringa har gått så det susar, medan annan industri har hatt det noko trongare. Dette biletet ser ut til å jamne seg noko ut i 2015 når petroleumsinvesteringane krympar. Det vil medføre at industri utanfor oljesektoren vil få auka tilgang til kvalifisert arbeidskraft og draghjelp frå ein svakare kronekurs.

Utviklinga for fylket
Arbeidsmarknaden i Hordaland er mindre stram enn på fleire år i 2014. Det har vore eit fall i utlyste stillingar på om lag 15 prosent i 2014, på toppen av eit fall på 12 prosent i 2013. Arbeidsløysa har også vore aukande, om enn med ein litt utflatande tendens inn mot slutten av året.

Totalt sett anslår NAV Hordaland at det er utsikter til om lag 12 prosent auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse i 2015 samanlikna med 2014. Likevel er det også ei forventing om at samla sysselsetting vil auke vidare. Blant næringane er forventingar knytt til sysselsettinga lågast innan oljeutvinning, transport og varehandel.

Tilbod og etterspørsel
Arbeidsmarknaden blir stadig mindre stram. I 2014 var det i snitt 3,4 arbeidsledige personar for kvar ledige stilling, medan tilsvarande tal for 2012 og 2013 var 2,1 og 2,6. Dette talet varierer sterkt mellom næringane. Frå om lag éin ledig person per stilling i delar av offentleg sektor opp til sju i industrien og innan kontorarbeid.

Det er ulike utsikter for dei ulike yrkesgruppene. I 2014 auka arbeidsløysa mest blant ingeniør/IKT og leiarar. Det er likevel låg arbeidsløyse for personar med ingeniør-/IKT-bakgrunn.

Utsette grupper
NAV har definert nokre grupper som er meir utsette for arbeidsløyse. Desse gruppene er tidlege indikatorar på rørsler i arbeidsmarknaden fordi dei er svakast knytt til arbeidsmarknaden, og dermed ofte er «sist inn og først ut» av arbeid.

I 2014 er det ein vesentleg auke i talet på ledige med innvandrarbakgrunn (18 prosent året under eitt). Tendensen er aukande utover i året. Det er også aukande tal på unge ledige (5 prosent) og langtids arbeidssøkarar (20 prosent). Dette underbyggjer tendensen med ein auke i arbeidsløysa framover.

Sysselsettingsvekst trass høgare arbeidsløyse
Vi er inne i ei konjunkturutvikling som vil føre med seg endringar i arbeidsmarknaden. Lågare etterspørsel etter arbeidskraft og aukande arbeidsløyse vil prege utviklinga i 2015. Det vil bli skape nye arbeidsplassar også i år, men fortsatt auka innvandring vil, i tillegg til den generelle marknadsutviklinga, føre til fleire netto ledige. Behovet for arbeidskraft aukar, men arbeidsstyrken veks meir enn dette.

Artikkelen er utarbeidd av NAV

Kjelder:
Registerstatistikk NAV
NAV Hordaland arbeidsmarknadsprognose for 2015
SSB: Økonomiske Analyser 4/2014