Ventar fleire ledige

Arbeidsmarknaden

Ventar fleire ledige

I 2013 har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka med åtte prosent. I 2014 ventar NAV at auken blir endå større. 

Likevel vil fylket framleis ha ei svært låg arbeidsløyse i internasjonal målestokk. Auken i arbeidsløysa er størst blant ufaglærte innan barne- og ungdomsarbeid og helse, pleie og omsorg. 

Låg arbeidsløyse trass auke
Ved utgangen av desember var 1 122 personar i Sogn og Fjordane – 2,0 prosent av arbeidsstyrken – heilt utan arbeid. Det er ein auke på 16 prosent frå desember 2012.

I 2013 hadde Sogn og Fjordane, året sett under eitt, ein auke i arbeidsløysa på åtte prosent. På landsnivå var det ein auke på seks prosent.

Sogn og Fjordane hadde, saman med Rogaland, lågast arbeidsløyse i landet i 2013. Fylket hadde i gjennomsnitt 1,9 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt utan arbeid, mot 2,6 prosent på landsbasis. I tillegg var 0,3 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane på arbeidsmarknadstiltak, mot 0,6 prosent på landsnivå (figur 1).

Størst auke innan barne- og ungdomsarbeid
Arbeidsløysa har auka i dei fleste yrkesgrupper frå 2012 til 2013, året sett under eitt (figur 2). Auken har vore størst innan kategoriane barne- og ungdomsarbeid, helse, pleie og omsorg og butikk- og salsarbeid. Ufaglærte står for det meste av auken i desse yrkesgruppene. Av dei større gruppene er det berre kontorarbeid (- 3 prosent) som har nedgang i arbeidsløysa.

Store regionale forskjellar
Arbeidsløysa varierer mykje mellom dei ulike regionane i Sogn og Fjordane. Regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn hadde ein auke i gjennomsnittleg arbeidsløyse på høvesvis 13, ni og tre prosent frå 2012 til 2013. Ytre Sogn/ytre Sunnfjord hadde ein reduksjon på seks prosent. I Sunnfjord og Nordfjord er det høvesvis Førde og Vågsøy som står for størsteparten av auken i arbeidsløysa.

Ytre Sogn/ytre Sunnfjord har lågast arbeidsløyse med 1, 2 prosent, mens Nordfjord har høgast med 2,5 prosent. I Nordfjord er det særleg Vågsøy og Selje som dreg opp gjennomsnittet.

Ventar auke i arbeidsløysa i 2014
Ifølgje dei siste prognosane frå NAV kan gjennomsnittleg arbeidsløyse auke med sju prosent på landsnivå i 2014. NAV Sogn og Fjordane trur at det i Sogn og Fjordane kan bli ein auke på 14 prosent, året sett under eitt. Det kan dermed bli om lag 1 250 heilt ledige i gjennomsnitt i 2014, mot 1 100 i 2013. Trass i den venta auken vil fylket framleis ha ei forholdsvis låg arbeidsløyse.

Artikkelen er utarbeidd for Næringsbarometeret av NAV i desember 2013.