Ventar ingen byggjeboom

Bygg og anlegg

Ventar ingen byggjeboom

Forventingane i byggje- og anleggsnæringa har gått ned siste året. Men næringa ventar likevel betra lønsemd i 2013. 

Næringsbarometeret sin forventingsindeks viser tydeleg kor utsett næringa er for konjunktursvingingar. Etter å ha blitt sterkt råka under finanskrisa i 2008, arbeidde næringa seg sakte men sikkert oppover frå bølgjedalen fram mot årsskiftet 2011/2012. I januar 2012 gjekk forventingane nedover att, men flata ut i mai.  Sidan januar i fjor har forventingsindeksen gått ned frå 19 til 12 poeng (sjå figur 2).

Likevel er optimistane framleis i fleirtal. Åtte av ti bedriftsleiarar vurderer den generelle marknadssituasjonen til å vere tilfredsstillande eller god. Sju av ti verksemder svarar at dei har uendra eller noko større ordrebehaldning i dag samanlikna med for eitt år sidan.

Lønsemda på veg opp att
Det er først og fremst ein negativ investeringsindeks som trekkjer samla forventingsindeks ned (sjå figur 1). Det tyder på at mange i bransjen vegrar seg for å gjere store investeringar i 2013. Bransjen ventar derimot at lønsemda vil auke i år, men har elles nøkterne forventingar til omsetnad og tal på tilsette.

Framleis rekrutteringsvanskar
Næringa sine nøkterne forventingar til nye tilsettingar kan hengje saman med rekrutteringsvanskane mange opplever. 44 prosent av verksemdene seier at dei har vanskar med å rekruttere relevant arbeidskraft. Det er først og fremst fagarbeidarar som er mangelvare, men somme melder også om mangel på teknisk personale med høgare universitetets-/høgskuleutdanning, som sivilingeniørar. Det ligg likevel an til kring 200 fleire tilsette i næringa i 2013. Det viser estimat som Næringsbarometeret har gjort på bakgrunn av tal frå Bedriftsundersøkinga og registerdata frå SSB.

Vurderer arbeidskraft frå utlandet
Medan mange andre i bransjen i fylket har merka ein nedgang i etterspurnaden etter byggtenester, har Skahjem Bygg i Brekke dobbelt så mange kontraktar i dag som for eitt år sidan. Firmaet med ni tilsette i tillegg til dagleg leiar Jan Erik Skahjem, har oppdrag både i Sogn og i Hordaland. Dei har spesialisert seg på bustader, hytter og naust, men har i det siste også bygd mindre leilegheiter og held på å byggje barnehage i Eivindvik.

Men no merkar Skahjem Bygg at det kan vere vanskeleg å skaffe kvalifisert arbeidskraft. – Til no har vi rekrutterert fagfolka våre frå kommunen og områda kring, men her er ikkje fleire ledige fagfolk å hente. Vi har difor retta blikket mot utlandet, då særleg Polen, etter fagarbeidarar. Eventuelle nytilsette vil truleg bli tilsette på prosjektkontrakt. – Om vi ikkje får nye tilsette, må vi utsetje oppdraga. Men, understrekar Skahjem, – vi har roen enno.

Spent marknad
Hos Dvergsdal & Sunde på andre sida av Sognefjorden er dei spente på utviklinga framover og merkar at marknaden for bustadbygging har stramma seg til. Med hovudkontor i Førde og avdelingskontor i Nordfjordeid og Sogndal har Dvergsdal & Sunde byggjeoppdrag i heile Sogn og Fjordane. – Det er små marginar i bransjen i dag, og dei blir mindre og mindre, seier dagleg leiar André Sunde. Byggjebransjen merkar at folk ventar med å kjøpe bustad. Dette hengjer saman med at bankane stiller strengare krav til eigenbetaling, noko som gjer det vanskelegare å komme inn på bustadmarknaden for unge bustadkjøparar. Stoda i dag er følgjeleg at det er liten etterspurnad etter bustader samstundes som behovet for bustader ligg der. – På sikt skapar det dyrare bustader, meiner Sunde.

Mindre og rimelegare
For å tilpasse seg den nye marknadsutviklinga har Dvergsdal & Sunde utvikla nye og mindre leilegheiter. Dette er eit naudsynt trekk for å få seld nye leilegheiter til bustadkjøparar som ikkje like lett som tidlegare kan bla opp millionar for ønskjebustaden. Eit anna tiltak er å satse på rehabilitering av eldre bustader. For mange vil det truleg bli meir aktuelt å ta vare på det som er, framfor å kjøpe nytt.

Ventar ikkje vekst
Det er ikkje vekst og investering Dvergsdal & Sunde ser for seg dei komande åra. Tilgang på kortsiktig og langsiktig kapital har fram til no ikkje vore noko problem, men Sunde merkar at også bankane har byrja å vere meir atterhaldne med å gi lån. Han meiner det er tyngre å drive næringsverksemd i dag enn for nokre år sidan. – Men det er til å leve med, seier han.

Kjelder
SSB: statistisk årbok http://www.ssb.no/aarbok/tab/tab-391.html
SSB: statistikkbanken