Vinden snur

Norsk og internasjonal økonomi

Vinden snur

Medan europeisk økonomi frisknar til, minkar aktiviteten her heime. I 2014 fell veksten til under 2 prosent.

Etter år med krise er den europeiske økonomien i ferd med å ta seg opp att. Europa-kommisjonen justerer no opp vekstanslaga for 2014 og 2015. Allereie i andre kvartal 2013 byrja den europeiske økonomien å vise teikn til betring. Frå ein nedgang på 0,4 prosent i fjor, spår ein no ein vekst på 1,2 prosent i eurosona i 2014. Det viser dei siste tala frå Europa-kommisjonen. Sjølv om prosessen fram mot full friskmelding er skjør, går utviklinga altså i riktig retning.

Betring i Europa
Dei positive prognosane gjeld stort sett alle EU-landa. Til og med Hellas viser teikn til betring: Den greske økonomien ligg an til å vekse med 0,6 prosent i 2014. Berre Kypros vil oppleve tilbakegang også i 2014, i følgje Europakommisjonen sine prognosar. Betring i dei offentlege budsjetta, større overskot i handelsbalansen og ein meir robust finansmarknad bidreg til utviklinga. Europakommisjonen anslår at det samla budsjettunderskotet i eurosona vil krympe til 2,5 prosent av BNP i år.

For Norge er det ikkje minst godt nytt at veksten i dei store eksportmarknadene er i ferd med å ta seg opp att. Storbritannia og Sverige ligg an til ein vekst på høvesvis 2,7 prosent og 2,8 prosent i 2014. Tysk økonomi går noko tregare. Overslaga tyder på ein tysk vekst på 1,8 prosent i år.

Samstundes gir situasjonen i Russland og Ukraina ein viss grunn til uro. Verdsbanken varsla tidlegare i vår ein kraftig tilbakegang i den russiske økonomien som følgje av konflikten med EU og USA. Økonomiske sanksjonar frå dei vestlege landa si side vil også kunne få konsekvensar for Europa, grunna dei nære økonomiske banda til Russland.

Forsiktig optimisme i arbeidsmarknaden
Det vil dessutan ta tid før den økonomiske veksten forplantar seg vidare til arbeidsmarknaden. Men utsiktene til betring er der. Europakommisjonen ventar at sysselsettinga vil auke moderat i 2014, noko som vil stagge den til no veksande arbeidsløysa. I følgje kommisjonen nådde arbeidsløysa toppen i 2013, og dei går ut frå at ho i år vil gå svakt ned til  11,8 prosent i eurosona. Kommisjonen ventar ytterlegare nedgang neste år. I fleire land vil ho likevel ligge skyhøgt over dette nivået i lang tid framover. Det gjeld mellom anna Hellas og Spania, kor ein fjerdedel av arbeidsstyrken framleis er utan arbeid.

Amerikansk draghjelp
Dei fleste avanserte økonomiane utanfor EU er venta å oppleve rask vekst i 2014. Samla sett ligg verdsøkonomien an til å vekse med 3,5 prosent i år, godt hjelpt av veksten i den amerikanske økonomien. Auka privatforbruk som følgje av stigande bustadprisar og robuste jobbtal bidrar til betring i verdas største økonomi. Arbeidsløysa i USA er også på veg nedover, og vil ende på 6,4 prosent i 2014 i følgje Europakommisjonen sine siste prognosar. Kina ser ut til å stabilisere seg på ein noko lågare vekstrate enn dei har hatt siste åra, estimert til 7,2 prosent for 2014.

Svakare norsk utvikling
Medan Europa er i ferd med å hente seg inn att etter år med nedgang, har utviklinga her heime gått motsett veg. Lågare vekst og høgare arbeidsløyse har prega utviklinga siste året. I 2013 vaks den norske fastlandsøkonomi med 2 prosent, mot 3,4 prosent året før. Samstundes auka arbeidsløysa til 3,5 prosent. Som privatpersonar brukar vi dessutan mindre og sparar meir. Heilt sidan finanskrisa har utviklinga i det private konsumet vore lågare enn både inntekts- og formueutviklinga.

SSB spår at den svake utviklinga vil halde fram nokre år til. Veksten i fastlandsøkonomien er estimert til 1,9 prosent i år, medan arbeidsløysa aukar til 3,7 prosent. I 2015 er ho venta å nærme seg 4-talet. Først i 2016 vil vi få ein ny konjunkturoppgang, med påfølgjande reduksjon i arbeidsløysa i 2017 (sjå figur 2).

På den positive sida har konkurransesituasjonen for norske eksportverksemder vorte betre det siste året. Det syner òg resultata frå NHO sitt økonomibarometer. Ei svakare krone kombinert med fornya vekst i eksportmarknadene har bidrege til dette. Etter kvart som veksten aukar internasjonalt, særleg frå 2016, vil den norske eksportnæringa styrkast ytterlegare. På kort sikt kan likevel den moderate styrkinga av kronekursen som vi har sett dei siste månadene vere med på å dempe aktiviteten noko.

Framleis oljesmurt vekst
Veksten i norsk økonomi har dei siste åra i stor grad vore oljedriven. I fjor auka petroleumsinvesteringane med heile 18 prosent og bidrog slik med ein tredel av veksten i fastlandsøkonomien (BNP). I februar i år blei dei estimert til rekordhøge 223,7 milliardar kroner for 2014. I følgje SSB tilsvarar dette i overkant av 9 prosent av BNP i 2014.

SSB reknar likevel med at investeringane framover vil flate ut og deretter går noko ned frå 2017. Dei kraftige vekstimpulsane frå petroleumsinvesteringane vil dermed bli redusert og etter kvart erstatta av ei moderat auke i annan etterspurnad.

Kjelder:
http://ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/nokkeltall/konjunkturtend...
http://ssb.no/energi-og-industri/statistikker/oljeinv
http://ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner...
http://ec.europa.eu/economy_finance/publications/european_economy/2014/p...