Året som kjem: Ulvik og Bergen

POPULÆRE BYHOTELL: Hotella i byane på Vestlandet har opplevd særleg kraftig vekst dei siste åra, som her ved Grand Hotell Terminus i Bergen. Foto: Inger C. Nordhagen

Best for byhotella

– 2012-sesongen var ikkje bra, fortel Paul Richards, eigar og dagleg leiar ved Ulvik Fjord hotell i Hardanger. For hotellnæringa innebar 2012 store skilnader mellom by og land. Medan mange av distriktshotella i Hordaland slit, har byhotella i fylket rekordomsetnader. – I år svikta gjestane. Vi har merka at det har vore eit dårleg år i Europa og derfor færre utanlandske gjestar. Men òg dei norske gjestane svikta grunna dårleg ver.

På Grand Hotell Terminus i Bergen sentrum er situasjonen ein helt annan. – Vi har vore på ein stigande kurve i fleire år no, og trudde at vi hadde nådd taket, seier eigar og direktør Kjetil Smørås. – Men vi har hatt ein god vekst i 2012 òg, langt utover det vi hadde venta.

Administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, fortel at det er fleire årsaker til forskjellane. – Det er ein veksande tendens at turistane ønskjer å bu urbant og heller reise inn i fjordane på dagsturar for å oppleve dei, og så kome tilbake til byen.

Hotella i byane på Vestlandet har opplevd særleg kraftig vekst dei siste åra.  Etterspurnaden, og dermed prisane, har vore blant dei høgaste i Europa. – Veksten skuldast turistar, men òg at det er ekstremt stor aktivitet i industrien på Vestlandet, seier Jørgensen. – Det påverkar byhotella spesielt. Industrien er veldig petroleumsdriven, men òg maritime næringar, fiske og shipping går godt. Det genererer mykje business. 

Året som kjem

Tilbake til hovudartikkel