Åsen og Øvrelid

Foto: Åsen og Øvrelid

Åsen og Øvrelid

-Må utdanne fleire

– Eg er redd utanlandsk arbeidskraft har vorte ei kvilepute for oss, seier Leif Arne Åsen. Han ser med ei viss uro på utsiktene framover. – Vi vil få oss eit slag i andletet når det ikkje lenger er like stor gevinst å hente i Noreg. No er hjula komne i gang i Polen og lønsskilnadene blir mindre. Det kan skje i land etter land.
Åsen meiner det må ei nasjonal satsing til for å auke talet på norske fagarbeidarar i bransjen. – Den største utfordringa er å rekruttere arbeidsformenn og byggjeplassleiarar. Der blir det stilt store krav til kunnskap om lovverk, kvalitetssikring, HMS og tekniske løysingar. Utan å satse på opplæring av norske vil vi stå tilnærma utan kompetanse til å handtere norske byggje- og anleggsprosjekt i framtida. Alternativt må vi tilby vidareutdanning til utanlandske arbeidarar i Noreg.
Kring 10 prosent av Åsen sine 95 fast tilsette er arbeidsinnvandrarar, hovudsakleg frå Polen og Tyskland. Somme av dei har vore her i lang tid og har opparbeidd seg god språk- og kulturkompetanse. - Å leie store byggje- og anleggsprosjekt krev meir enn relevant fagerfaring. Norskkunnskapar og kjennskap til norsk arbeidskultur er minst like viktig. Difor kjem vi ikkje utanom å utdanne fleire fagfolk i Noreg, meiner han.

Sjølv reiser Åsen rundt på skular i fylket for å oppmuntre fleire unge til å velje fagutdanninga. – Når eg snakkar med ungdommen opplever eg interesse. Men eg har inntrykk av at rådgjevarar og foreldre fortel borna at det ikkje er den vegen dei bør gå. I dag er det nesten slik at foreldre kjenner seg mislukka om dei ikkje klarar å fostre minst ein ingeniør. - Men om alle blir ingeniørar, kven skal då slå i spikaren? Ingeniørar klarar jo ikkje å treffe spikaren på hovudet, seier han spøkjefullt.

Tilbake til hovudartikkel