Østerbø Maskin

SUKSESS I OLJEBRANSJEN: – Samarbeidet med andre verksemder har utan tvil vore den viktigaste suksessfaktoren vår, seier dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin. Foto: Arve Ullebø

Østerbø Maskin

Samarbeid over fjorden

 

Først då dei starta samarbeid med andre verksemder, vann Østerbø Maskin for alvor innpass i oljenæringa. Likevel vel få andre å gjere som dei. 

– Vi har førebudd oss på å kome hit i mange år, seier Steinar Holen. Han er dagleg leiar i Østerbø Maskin. Verksemda på Høyangers sørside starta med produksjon av landbruksmaskiner i 1977. Østerbø Maskin er eit døme på ein av fylkets «skjulte løyndomar» som har blitt ein viktig leverandør for offshore-industrien. Petroleumsnæringa står no for kring 25 prosent av omsetnaden.

Produktutvikling i samarbeid
– Vi utviklar ny teknologi på oppdrag for kundar, for deretter å skape eit produkt ut av det. Strategien var å finne noko som vi kunne utvikle i samarbeid med andre verksemder. Vi såg at det ville vere vanskeleg å stå aleine, seier Holen. Løysinga var å finne like over fjorden, hos ein av selskapets viktigaste kundar. – SafeClean blei ein naturleg samarbeidspartnar for oss sidan vi har hatt eit tett leverandørforhold til dei i mange år. Selskapet har òg etablert samarbeid med Sunnfjord Engineering.

Østerbø Maskin sin oljesuksess kan samanfattast i to ord: produktutvikling og samarbeid.  I følgje tala frå Næringsbarometeret har berre 12 prosent av industriverksemdene gjort som Østerbø Maskin, og satsa på produktutvikling og samarbeid for å vinne innpass i oljenæringa. – Samarbeidet har utan tvil vore den viktigaste suksessfaktoren vår, seier Holen. Det er alfa og omega for små verksemder; dele erfaringar og kome vidare.

Betrar kvardagen på plattforma
Både Østerbø Maskin og SafeClean er lysande døme på at det er mogleg òg for verksemder innanfor kyststripa å kapre delar av oljeinntektene. På oppdrag frå Statoil har Østerbø Maskin utvikla ei innretning som skal handtere pigar til reinsing av oljerøyr, ei såkalla OMP pigloader. Vogna, som er ein avansert trykkluftheis med teleskop, handterer og lader pigen (reinsebørsten) om bord på plattforma. Deretter følgjer den oljestraumen til neste plattform eller landanlegg. Tidlegare vart dette arbeidet utført manuelt, fortel Holen. Utstyret som dei har arbeidd med i to og eit halvt år bidrar dermed til ein betre kvardag for operatørane på Oseberg C og Heimdal.

Mot nye høgder i 2013
Men sjølv om inntektene frå petroleumsnæringa er viktig for Østerbø Maskin, har ikkje oljerusen gått til hovudet på selskapet. – Oljenæringa er viktig for oss, men vi ønskjer ikkje å bli for avhengig av den. Det er viktig for oss å vekse jamt i alle kundesegmenta, seier Holen nøkternt. Forutan petroleumsnæringa utgjer dei fem kundesegmenta landbruk, industri, oppdrett og elkraft. Holen ventar at omsetnaden vil runde 43 millionar kroner i år, ein auke på 8 millionar frå 2012. – Vi har mange prosjekt som vi har jobba med lenge, og som vi har mål om å få i hamn. Auka aktivitet krev òg fleire hender. Frå nyttår fekk Holen fire nye medarbeidarar. Til saman står 29 personar klar til å ta Høyanger-verksemda mot nye høgder i 2013.

Tilbake til hovudartikkel