Bergensk Billettutfordrar

ALT-I-EITT: Med bruk av skyteknologi gjer TicketCo billettane tilgjengeleg for brukaren der han er. Målet er å bli nest størst i billettmarknaden innan to år. Foto: TicketCo

TicketCo

Bergensk billettutfordrar

 

Sal av billettar til kulturarrangement har blitt god business. Bergenske TicketCo har teke marknaden med storm.

– Innovasjon handlar ikkje om å gjere noko som ingen andre har gjort før deg, men om å lage noko som folk vil bruke, seier Kåre Bottolfsen. I 2011 etablerte han selskapet TicketCo saman med Carl-Erik Moberg og Hogne Sandanger. Selskapet har utvikla eit heildigitalt billettsystem for arrangørar, basert på sjølvbetena mobilteknologi. Utviklinga har skjedd i nært samarbeid med kundane.

– Eg trur eit stort problem i mange teknologibedrifter er at ein ofte blir sittande for lenge å flikke på produktet. Vi valde å gå tidleg ut i marknaden for å lære, seier Bottolfsen. Den kommersielle tankegangen og kundefokuset har vore viktig for selskapet frå starten av. Inspirasjonen er henta frå metodikken «lean startup», kor nettopp kundedriven utvikling er eit viktig prinsipp. Det har spart selskapet for mykje tid og pengar i ein sårbar oppstartsfase.

Etter grundig testing og tett dialog med arrangørar har det som opphavleg var ei onlineløysing blitt utvida med mobilapplikasjon for verifisering og sal av billettar, integrert betalingsløysing og eit rapporteringssystem.

Eventyrleg vekst
Resultatet er eit produkt som marknaden openbert vil ha. Sidan TicketCo selde sin første billett i januar 2013, har selskapet hatt ein kvartalsvis vekst på 1 700 prosent. I dag leverer dei billettløysingar til 260 arrangørar over heile landet, med namn som Vossajazz og Nattjazz på kundelista. Målet er å bli nummer to i billettmarknaden i løpet av dei neste to åra. – Det føregår eit teknologiskifte globalt, seier Bottolfsen. – Skyteknologi handlar om tilgjengelegheit. Med løysinga vår er billettar tilgjengelege der brukaren er, anten det er på mobil, nettbrett eller pc.

Bottolfsen er ikkje i tvil om at tidleg testing og kundedialog gjorde overgangen frå utvikling til lansering lettare. – Det er i den fasen kompleksiteten aukar for ein start-up bedrift. Frå å vere veldig produktorientert, må ein brått tenkje på investorar, byggje nettverk og drive sals- og marknadsarbeid, seier Bottolfsen.

Reality check
Nettverket han og kollegaene har bygd opp er solid. Med to av It’s Learning-gründerane og lokalaviskonsernet Amedia på laget, har selskapet fått tilgang til både finansiering og solid kompetanse. – Å lære av It’s learning-gründerane har vore essensielt. Det var etter kloke råd frå dei vi valde å starte lokalt i Bergen. Sjølv trudde vi naivt nok at vi kunne starte opp i Norge og Sverige samtidig. Du kan seie at råda frå It’s learning har gitt oss ei realitetsorientering, seier Bottolfsen. Han legg heller ikkje skjul på at det å kjenne dei rette folka kan styrke imaget.  – Det gir truverd. Eg trur ein blir vurdert ikkje berre ut frå kven ein er, men også kven ein omgåst med.

Han trekkjer også fram støtta frå Innovasjon Norge, Nyskapingsparken og Connect Vest. – Både etablerarstipendet til Innovasjon Norge og den kunnskapen vi har fått gjennom kompetanseprosjektet Fram har vore svært viktig for oss, seier Bottolfsen. – Nyskapingsparken gir deg eit apparat som styrkar deg både overfor investorar og kundar. Det er ei slags kvalitetssikring.

Fakta

  • Innovasjon Norge si ordning med etablerarstipend har fått ytterlegare 110 millionar kroner i statsbudsjettet for 2015.
  • Innovasjon Norge har også gjort endringar i ordninga slik at fleire skal få prøve seg som etablerarar. Det betyr at enda fleire skal få teste ut ideen sin tidlig slik TicketCo har gjort.
Tilbake til hovudartikkel