Gulen Industrihamn

PLASS TIL FLEIRE: Gulen Industrihamn i Sløvåg satsar stort. 400 dekar næringsområde ligg klart til bruk, og målet er 500 arbeidsplassar innan fem år. Foto: Pelle Engesæter

Gulen Industrihamn

Riggar til storinnrykk

 

Industrihamna i Sløvåg kviler aldri. No legg dei opp til storsatsing for å lokke nye verksemder til Gulen – med mål om å doble talet på tilsette.
 
For mange er staden berre eit ferjeleie på riksveg 57. Men Torill Torsvik Størkersen, dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling AS, er stolt over kva næringslivet har fått til i Sløvåg. – Dei siste ti åra har Gulen Industrihamn i Sløvåg vorte eit attraktivt industriområde med stort potensiale for nyskaping og industriutvikling, seier ho. – I tilknyting til dei verksemdene som er etablert i dag er det omlag 250 arbeidsplassar. Målet vårt er å doble dette til 500 arbeidsplassar i løpet av fem år.

For kort tid sidan vart Sløvåg Næringsområde til Gulen Industrihamn. Namneendringa vart gjort som ein lekk i storsatsinga og med tanke på den utanlandske marknaden.

Rom til fleire
No gjeld det å trekkje arbeidsplassar og spennande verksemder til Gulen og Sløvåg. Det er tanken bak bygginga av Sløvåg Næringsbygg, som startar opp i august i år og skal stå ferdig hausten 2014. Bygget får tre etasjar der toppetasjen blir eit såkalla arbeidshotell med 60 rom for utleige. Kvart rom vil ha kontorplass, sengeplass og sjølvsagt internett-tilkopling.

 – Sløvåg Næringsbygg vil bli eit samlingspunkt og navet i det som skjer i området, seier prosjektleiar Tore Halsvik. – Vi har alt gjort avtale med i underkant av 30 verksemder. Det er alt frå daglegvarehandel og blomsterbutikk til hovudkontor for verksemder som held til i området eller som skal kome hit.

Næringsbygget er eigd av verksemder som alt er etablert i industriområdet, men òg nokre større aktørar utanfrå som kjem til å leige seg inn. Per i dag har 12 verksemder utanfrå planlagt å ha kontorplass i næringsbygget. Ei av dei er Hafs-Elektro saman med Solund Verft. – Vi ønskjer oss til Sløvåg for å kome nærare nye marknadsområde, seier dagleg leiar i Solund Verft Sven-Tore Eide. 

Samlar kompetanse
Det er dessutan planar om å etablere ein næringshage i Sløvåg Næringsbygg. Fylkestinget har nettopp gitt klarsignal. Torill Torsvik Størkersen gler seg over tiltaket. – Ein næringshage kan medverke til å skape ny aktivitet og gi ringverknader i det lokale og regionale næringslivet, seier ho. Gulen og Masfjorden Næringshage blir ein del av eit næringshageprogram i regi av SIVA. Føremålet er å få kopla ulike vekstbedrifter saman for å danne eit endå sterkare miljø for vekst og knoppskyting. Innsatsområda for næringshagen er havbruk, industri og service.

Omfattande aktivitet
Sløvåg ville ikkje opplevd dagens storsatsing om det ikkje var for god hamnekapasitet i området og nærleiken til Mongstad. Hamneanlegget har 6 kaier og har omlag 1500 skipsanløp kvart år. To av kaiene er djupvasskaier. Gulen Industrihamn i Sløvåg har i dag 400 dekar tilrettelagt næringsområde klart til bruk. Wergeland Holding AS med base i Sløvåg er største grunneigar i industrihamna og morselskap for Wergelandgruppa. Styreleiar Irene K. Wergeland fortel om ein omfattande aktivitet i Sløvåg. Her produserer dei ferdigbetong og betongprodukt, mottar og destruerer avfall frå offshore, og lagrar og forvaltar utstyr frå olje- og gass verksemd. Området har òg godkjende deponi for lagring av NORM frå oljeutvinning, og store areal med steinutvinning.

Vil ha ungdom attende
Styreleiar Irene K. Wergeland er opptatt av at det trengs kompetent arbeidskraft for at Sløvåg skal utvikle seg berekraftig. Og ho vil gjerne ha folk frå distriktet, då dei er mest stabile. – Vi trur at både lokale eigarar og tilsette er til føremon for området.  Det er viktig å få ungdomen til å kome attende etter ferdig utdanning og tilby dei relevante arbeidsplassar. Ho etterlyser også betre kommunikasjonar inn og ut av regionen, og fortel at dei arbeider for eit ferjefritt samband til Bergen. – Det er viktig både for næringslivet og dei som bur her, seier Wergeland. 

Tilbake til hovudartikkel