Dale of Norway

Dale of Norway

Merkevare med tradisjonar

- Dale of Norway er ei uvanleg sterk og tradisjonsrik merkevare, seier administrerande direktør Øyvind Lauritzen. – Historieforteljing er difor ein viktig del av marknadsføringa vår.  Lauritzen skulle vite kva han snakkar om. Han har dei siste ti åra bygd opp og leia Skigutane på Voss og har vore ei drivkraft i utviklinga av merkevara Kari Traa. I Dale får han 133 år industrihistorie å lene seg på.

Dale of Norway sine strikkeplagg, som kombinerer tradisjon og moderne design, er seld i tre ulike marknader. Heimemarknaden, som utgjer om lag ein fjerdedel av omsetninga, er i stor grad retta mot utanlandske turistar. - Vi er også til stades på den amerikanske marknaden og har etablert ein eigen salsorganisasjon i Vermont, fortel Lauritzen. – Her kjem kundane både frå det norskamerikanske miljøet og frå skimiljøet. Det tredje marknadsområdet er Europa der vi markerer oss som ein viktig aktør innan sportsmotesegmentet.

Strikkeplagga frå Dale ligg i det øvre prissjiktet. – Vi kan ikkje konkurrere på pris, seier Lauritzen. – Til det er kostnadsnivået i Noreg for høgt. I staden må selskapet satse på kvalitet og design. 2010 og 2011 var uvanleg gode år for selskapet, mykje takka vere verdsmeisterskapen på ski i Oslo. Så langt i år har vintersesongen vore ramma av dårleg vær i Mellom-Europa og USA. – Vi klarar neppe å gjenta suksessen frå i fjor, seier Lauritzen. – Slik sett er vi meir utsette for svingingar i klimaet enn i konjunkturane. 

I 2012 skal det investerast i nye maskiner og utviklast nye produkt og design. Dette kan opne for distribusjon i nye bransjar, som motebransjen. Det er også eit mål å behalde og auke produksjonen Noreg. I dag blir alt strikkearbeid utført i dei tradisjonsrike produksjonslokala i Dale, men mykje av monteringsarbeidet er sett ut til verksemder i Polen. Det vil truleg vere behov for nye tilsette for å få dette til. Verksemda sysselset i dag 53 personar i Dale og fire i Vermont.

Tilbake til hovudartikkel