Nytt liv til gamle heltar

LOKKAR TURISTAR: Eit fjordcruise i Sørfjorden byr passasjerane både på natur- og kulturopplevingar - og ein dose nostalgi. Cecilie Holm er ein av initiativtakarane bak ruta, som trekkjer både lokale og tilreisande.

Fjordcruise i Sørfjorden

Nytt liv til gamle heltar

 

I Sørfjorden får gamle fjordabåtar nytt liv kvar sommar.  Det tener reiselivet på.

No håpar initiativtakarane bak at fleire vil følgje etter. – Hordaland er eit stort fylke for fjordabåter, men vi saknar dei på fjorden, seier Cecilie Holm ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Senteret er eit maritimt museum og eit av dei største fagmiljøa for restaureringa av båtar og fartøy i Norden. Både privat eigde båtar og båtar som blir overdrege til museet blir restaurerte her.

For å skape meir merksemd om dei historiske båtane tok dei i 2011 initiativet til å opprette eit fjordabåtcruise på Hardangerfjorden. – Båtane får ofte mykje merksemd når dei blir restaurert, men så dalar interessa etter ei stund, seier Holm.

Undersøkingar blant nederlandske og tyske turistar viste dessutan at det var eit stort potensiale for meir trafikk på fjorden. – Dei ønska turar på fjorden, men mangla eit godt tilbod, seier Holm. I eit reiselivsfylke som lever av fjordturistar, kan det høyrast paradoksalt ut.

Tredobla trafikk
Resultatet blei eit samarbeidsprosjekt mellom Hardanger og Voss Museum og NCE Tourism, støtta av Fylkeskommunen, Riksantikvaren og Hardangerrådet.

I seks veker kvar sommar går restaurerte fjordabåtar i trafikk mellom Lofthus, Aga og Utne. – Det er her turisttilstrøyminga er størst og vi har flest overnattingssenger, opplyser Holm. – Først var vi opptekne av nærleiken til Bergen, men vi fann ut at det ville vere meir krevjande å få turistar frå Bergen inn til Norheimsund enn å få turistar som alt er i fjorden til å nytte tilbodet.

Tala kan tyde på at dei valde rett. Frå 2013 til 2014 blei trafikken dei seks sommarvekene tredobla. I følgje Holm har opprettinga av ruta òg hatt positive verknader for andre aktørar i regionen. – Både Utne hotel og Hotel Ullensvang fortel at fleire gjestar vel å bli fleire netter for å bli med på fjordturen, fortel Holm. Utne hotel melder om ein auke i talet på gjestedøger på 18 prosent i juli 2014. Også Agatunet og Hardanger folkemuseum har fått fleire besøkande etter at ruta blei oppretta. 

Roen på fjorden
Båtane blir leigde inn med fullt mannskap frå private eigarar. Det gjer prosjektet mindre sårbart. – I staden for å vere avhengig av ein enkelt båt, kan vi veksle mellom fleire. I fjor nytta vi to båtar som kvar gjekk tre veker, seier Holm. I år  har dei leigd inn MS Atløy frå Sogn.

Rundturen tek 2,5 timar og gir tid til besøk både på det historiske Agatunet og Hardanger folkemuseum på Utne – eller til eit bad i fjorden for dei som måtte ønskje det. – Målet er at gjestane skal oppleve ei ro under besøket. Fleire av dei som kjem hit har gjerne vore på Trolltunga dagen før og ønskjer ein rolegare aktivitet, seier Holm. Difor fungerer også turen etter hop-on/hop-off-prinsippet, kor gjestene kan velje mellom tre daglege avgangar. Ombord får ein òg kjøpt mat laga av lokale råvarer.

Vern gjennom drift
Utfordringa framover er å sikre varig berekraftig drift. Høgare drivstoffbruk og større mannskapsbehov gjer båtane dyre å drive – Det er ein grunn til at desse båtane blei tekne ut av trafikk, seier Holm. Ho er likevel overtydd om at dei skal lukkast med å gjere ruta permanent. – Hordaland har ei stor utfordring med å bevare historiske båtar. Riksantikvaren sin filosofi er basert på vern gjennom drift. Vi har vist at det er mogleg.

Holm trur dessutan det er rom for meir vekst. – Målet er å utvide sesongen, og ha eit tilbod som går over tre månader. Då hadde vi også vorte interessante for turoperatørar, seier Holm.  Førebels har Hardanger og Voss Museum søkt om ein 3-årig avtale med Hordaland fylkeskommune om finansiering. Målet er å få på plass ei varig finansieringsløysing i løpet av denne perioden.  

Natur, kultur og nostalgi
Turen trekkjer både lokale og tilreisande. Førebels er dei norske turistane i fleirtal, men interessa frå utanlandske gjestar er aukande. – Eg er overraska over kor lett det er å selje inn denne turen, seier Hilde Opedal ved turistinformasjonen i Kinsarvik. – Turistar vel sjeldan aktivitetar dei ikkje har høyrd om frå før, men med denne turen var det annleis, seier Opedal.

Kombinasjonen av kultur og naturoppleving gjer at turen appellerer til ei brei målgruppe. For nokre er turen rein nostalgi. – Mange eldre har eit personleg forhold til desse båtane, seier Opedal. – Tidlegare var det dette som var kontakten med omverda. Vi opplever at mange eldre, både frå regionen og andre delar av fjord-Norge, tek med seg yngre familiemedlemar på turen for å oppleve denne historia på ny.

Ved Hardanger Fartøyvernsenter får gamle båtar nytt liv. - Hordaland har mange skjulte skattar i dei gamle fjordabåtane, seier Cecilie Holm ved senteret. 

 

Tilbake til hovudartikkel