Digital etikett

GASELLE I GAUPNE: – Sidan alt er digitalt, kan vi endre produksjonen på nokre minutt, seier dagleg leiar Kjetil Hovland i Digital Etikett. Her med ein etikett på ei flaske juleøl frå Kinn. Foto: Pelle Engesæter

Digital etikett

Heimflyttar med suksess

 

Kjetil Hovland flytta frå Oslo med familien og starta eiga verksemd i heimkommunen. No er Digital Etikett utropt til Årets Gaselle av Dagens Næringsliv.

– Vi har hatt ein formidabel vekst i omsetnaden dei siste åra, frå 200.000 kroner til 12,5 millionar kroner, seier dagleg leiar Kjetil Hovland i Digital Etikett. Han selde huset i Oslo og flytta attende til Luster med familien etter mange år i hovudstaden. No leier han ei lita suksesshistorie i Gaupne. Verksemda vart i 2012 utropt til Årets Gaselle av Dagens Næringsliv, og har i dag seks tilsette ved fabrikken i Gaupne og ein salsansvarleg på distriktskontoret i Oslo. For å bli ei gaselleverksemd må ein ha dobla omsetnaden i løpet av fire år. Det har Digital Etikett greidd, og vel så det.

Etikettar frå Digital Etikett er å sjå i dei fleste heimar, vi veit det berre ikkje. Verksemda lagar etikettar mellom anna til kjende merkevarer som Lerum, men òg til nyare aktørar som mikrobryggjeria Ægir i Flåm og Kinn i Florø.

Framtida ser lys ut
– Eg har tru på at vi har eit unikt, framtidsretta produkt, seier Hovland. Han kjenner bransjen godt etter 15 år, og såg etter kvart at det var ein nisje retta mot små og mellomstore verksemder. – Vi er veldig fleksible ved at alt er digitalt, noko som gjer at vi kan omstille produksjonen på nokre minutt frå ein etikett til ein annan. Framtida ser så lys ut for tida at lokala våre på Gaupne tek til å bli for små, og vi ser oss no om etter nye og større lokale.

Kommunen ein viktig støttespelar
Hovland er ivrig etter å nemne at Luster kommune, og då særleg næringssjef Olav Grov, har vore ein viktig støttespelar i etableringsfasen. Kommunen ønskjer å leggje til rette for nyetablering gjennom økonomiske garantiar og annan stønad. – Dersom Olav Grov og kommunen ikkje hadde vore så imøtekomande, er det ikkje sikkert vi hadde valt å satse på nyetablering her i Indre Sogn.

Lokkar med høg livskvalitet
Mange verksemder slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft i Sogn, men fram til no har Digital Etikett ikkje hatt vanskar med rekrutteringa.  – Vi har vore heldige å få tak i dei medarbeidarane vi har hatt behov for. Men vi er på utkikk etter fleire, og det har vist seg vanskeleg å få tak i folk lokalt. Løysinga for verksemda har vore å etablere kontakt med Høgskolen i Gjøvik der dei utdannar grafikarar og formgjevarar. – Vi prøver rett og slett å rekruttere gjennom å selje Luster som ein stad som kan tilby høg livskvalitet. Luster har noko ein ikkje finn andre stader, og vi ønskjer å få hit dei personane som lar seg overtyde om dette og som ønskjer seg ein jobb hos oss.  Alt dreier seg om sal, seier Hovland, anten du sel etikettar eller bygder. Det gjeld å overtyde mottakaren om at du har eit godt produkt å tilby.

Tilbake til hovudartikkel