Dynaplan

IT-SUKSESS FRÅ MANGER: IT-verksemda Dynaplan har 90 prosent av kundane sine i Europa. Likevel merkar dagleg leiar Magne Myrtveit lite til krisa. Foto: Dynaplan

Dynaplan

Storfiskar i Europa

– Det er større behov for våre program i krisetider, seier Magne Myrtveit, dagleg leiar i Dynaplan. IT-verksemda frå Manger, som tel ni tilsette, har utvikla ei programvare for avansert modellering av framtida. Verksemda har sine største kundar i Tyskland og Sveits, og det er ikkje småfiskar Dynaplan har fått på kroken. På kundelista er store namn som Deutsche Bahn og BMW.

– Kundegruppa er først og fremst store konsern, fordi det er dei som har størst nytte av slike avanserte modelleringsvertkøy. Dessutan treng kvar enkelt kunde mykje eksperthjelp. For ei lita verksemd som oss, er det difor betre å ha få, men store kundar, enn mange små.

– Nøgde kundar er den einaste marknadsføringa vår, så vi er ekstra opptatt av å levere høg kvalitet. Det blir vår måte å sikre oss på, seier Myrtveit. Trass i at Europa utgjer rundt 90 prosent av marknaden, merkar Myrtveit førebels lite til krisetilstandane. –Nokre få prosjekt har blitt litt forsinka, det er det einaste. Kanskje vil vi merke meir til krisa i 2014 og 2015. Det mest spennande er korleis valutakursane utviklar seg. Selskapet har mest alle sine inntekter i euro, mens utgiftene er i norske kroner og sveitsiske franc.

Men så langt går butikken på skinner. Ordrebøkene er fulle langt ut i 2013, og Myrtveit arbeider no med å rekruttere nye medarbeidarar. - Den største utfordringa vår framover blir å skaffe gode folk. Programmerarar er vanskelege å få tak i, spesielt for oss som driv med svært komplisert modellering. Vi treng dei beste av dei beste. 

Tilbake til hovudartikkel