Elis AS

Elis AS

Programvareselskap med internasjonale ambisjonar

Elis er historia om programvareselskapet som starta opp i Dale i Sunnfjord for 20 år sidan og som no har vorte eit internasjonalt konsern med 270 tilsette. Rundt 70 av desse har arbeidsplassen sin i Dale – eit tal som vil auke monaleg i tida framover om selskapet skal  nå dei måla dei har sett for seg sjølv. Elis utviklar programvare for energisektoren – programsystem som  styrer heile verdikjeda frå straumen kjem inn i nettet til den er levert  til kunden og betalt. – Det skjer mykje på energiområdet no. Det gjeld  mellom anna nye krav til energiøkonomisering, meir effektiv styring  av netta og overgang til smarte straummålarar, seier administrerande  direktør Edgeir Aksnes. - Alt dette er prosessar som krev ny og betre  programvare. Vi er særs godt plassert for å ta del i denne utviklinga.  Elis har i fleire år vore den dominerande leverandøren av programvare til kraftleverandørar og nettselskap i Norge. Gjennom ny  eigar har det finske softwareselskapet Process Vision vorte kjøpt  opp og dei er no i ferd med å bli ein viktig aktør på den nordiske marknaden med følarar ut i det nordlege Europa. – Vi ser på 2012 som året  då vi verkeleg skal etablere oss utanfor Noreg, seier Aksnes. Med nye  eigarar i ryggen frå 2011 er selskapet godt rusta for ein slik ekspansjon. Elisgruppa har også kjøpt opp det Hamar-baserte programutviklingsselskapet Popkorn. - Vi ser svært lyst på tida framover, seier Aksnes. – Så langt i år har  vi hatt ein vekst på 36 prosent samanlikna med same tid i fjor, og vi  ventar vidare oppgang. Aksnes har lang erfaring frå IT-bransjen i Oslo,  men ser få ulemper med å vere lokalisert i utkanten. - Vi har ikkje hatt  store vanskar med å finne den kompetansen vi har bruk for. Og kjem  dei først til Dale, blir dei ofte verande.

Tilbake til hovudartikkel