Fagopplæring

FRAMTID I BETONG: Saman med andre lærlingar frå Stoltz entreprenør jobbar betongfaglærling Jan Olav Berentsen på eit bygg i Fyllingsdalen. – Eg vil arbeide meg oppover i faget, seier han. Foto: Vidar Hundvin

Stoltz Entreprenør AS

Sikrar framtida for faget

Det tradisjonsrike entreprenørfirmaet Stoltz tar ansvaret for framtidas fagarbeidarar alvorlig. Då er lærlingar nøkkelen. 

– Ei verksemd som vår utan lærlingar vil vere trist, seier personalansvarleg Vidar Hundvin hos Stoltz Entreprenør AS. Verksemda som er ein av dei leiande entreprenørselskapa i Bergen, har mellom fire og seks lærlingar inne til ei kvar tid. – Som lærebedrift har vi eit samfunnsansvar. Fram til no i år har vi tatt inn tre lærlingar. Vi har også fått inn ein polsk lærling busett i Alversund, seier Hundvin.

Tett oppfølging
Lærlingane i Stoltz Entreprenør får bli kjend med ei tradisjonsrik verksemd - med ei historie som går heilt attende til 1905. Verksemda kjenner også eit ansvar for framtida. Lærlingane her blir følgt tett. – For å gi lærlingane ei forståing av kva fagprøven omfattar, må dei gjennomføre 2 eller 3 mini-fagprøver i løpet av læretida hos oss. Føremålet er også å gi dei ei vurdering av fagleg nivå og sjølvstende. Vi har òg ei fadderordning der ein fadder har ansvar for ein eller to lærlingar. Her arbeider vi med å få polakkar til å bli fadrar.

Hentar hjelp utanfrå
Mangelen på fagarbeidarar, særleg innan betongfag, gjer at Stoltz og andre verksemder i bygg-og anleggsbransjen må sjå seg om etter utanlandsk arbeidskraft. – Entreprenørdelen av firmaet har i dag 39 tilsette, av desse er 13 polske. Vi klarer rett og slett ikkje å få tak i norske fagarbeidarar med den ønska kompetansen, seier Hundvin. – Rekrutteringa lir fordi det er liten tilgang på erfarne fagarbeidarar, og for få nye lærlingar i bransjen. Stoltz må leige inn polske arbeidarar for å ta toppane.  – Vi har også tilsett nokre av dei polske arbeidarane etter at vi har blitt kjent med dei. Sidan det er ønskeleg at dei lærer seg norsk, har vi betalt norskopplæringskurs for dei.

Vil ha fleire til betongfag
Men sjølv om Hundvin er nøgd med å få hjelp frå Europa, er han uroa for framtida for den norske fagarbeidaren. Søkjartala til vidaregåande utdanning i bygg og anleggsfag er fallande, og Hundvin merkar at det er færre kvalifiserte elevar i vidaregåande skule som vel betongfag. – Det heng nok saman med at ein må inn bak byggjeplassgjerda for å få innblikk i betongfaget. Det er naturlegvis lettare å velje fag ein har ein viss kjennskap til. Fag som tømrarfaget er lett synlege på byggjeplassen og får også ein god del omtale, noko som truleg verkar inn på at fleire søkjer seg til slike fag. Hundvin ønskjer seg meir fokus på betongfaget. – Det er rett og slett for få lærarar innan dette faget. Vi har nok eit arbeid å gjere med å synleggjere betongfaget, både i skulen og i samfunnet. Den jobben kan lærlingane vere med på, seier Hundvin. – Her er lærlingane dei beste ambassadørar.

Lys framtid
Ein av desse ambassadørane er Jan Olav Berentsen frå Lindås. Etter å ha gått bygg-og anleggslinja på Årstad vidaregåande skule, fekk han plass som betongfaglærling hos Stoltz Entreprenør. – Betongfag er utfordrande og interessant arbeid. Og så jobbar vi på akkord, seier Berentsen. Han har valt betongfag med 1 + 3 ordning og skal ta fagprøve sommaren 2015. No er han i ferd med å avslutte eit oppdrag på Slettebakken, og skal deretter over på nytt oppdrag i Fyllingsdalen. – Eg er godt nøgd både med arbeidsgjevar, kollegaer og opplæringa. Fadderordninga her fungerer veldig bra, i alle fall gjer ho det for meg. Berentsen ser lyst på si faglege framtid. – Eg ser for meg at eg vil arbeide meg oppover i faget, og kanskje ta teknisk fagskule, seier han.

Tilbake til hovudartikkel