Fagopplæring

ØVING GJER MEISTER: Os vidaregåande skule har gode erfaringar med å ta eksterne oppdrag der elevane får trening i reelle og varierte arbeidsoppgåver. Foto: Os vidaregåande skule

Praktisk trening på skulen

Det er mykje elevane skal lære før dei er klare for å byrje som lærling i ei bedrift. Skulane freistar å tilby praktisk trening frå starten av, og gjerne i samarbeid med lokalt næringsliv.

Opplæringa i Vg1 og Vg2 finn i stor grad stad på skulen. Elevane skal ha opplæring i programfag knytt til utdanningsprogrammet dei går på, med eigne kompetansemål for dei ulike fagområda. På Vg1 er dette breiare enn på Vg2. Kompetansemål og timetal er fastsett av sentrale styresmakter. I tillegg til programfaga skal alle elevar på yrkesfag ha «Prosjekt til fordjuping». Føremålet er å gi elevane høve til å prøve ut aktuelle lærefag, og få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer aktuelle yrke. Skulane kan samarbeide med lokalt næringsliv både om programfag og om «Prosjekt til fordjuping», men skulane har større fridom i val av tema i fordjupingsprosjekta.

Skuletimar i verkstaden
– Vi prøver å yrkesretta opplæringa så mykje vi greier gjennom utplassering i bedrift, seier Rune Nesse, avdelingsleiar på utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Knarvik vidaregåande skule. – Men vi greier ikkje det med 75 elevar i vg1 på utdanningsprogrammet.

Her får elevar på Vg1 åtte timar i verkstad i programfaga kvar veke, med opplæring i alle fagområda i læreplanen. I faget «Prosjekt til fordjuping» kan elevane velje mellom «Mekaniske disiplinar» og «Kjemi og mekanisk utstyr». – Vi har valt fagområde som vi veit industrien her i regionen har behov for, og som vi har god kompetanse på å gi opplæring i, seier Nesse. Elevane får også prøve seg i praktisk arbeid ved at skulen tar på seg oppdrag med å byggje gjerder og portar, eller reparere traktorskuffer og skjær. – I Vg2 får elevane utplassering i bedrift to gonger, og då tre veker i gongen. Det gler elevane seg til, seier Nesse.

Nesse skryt av velviljen hjå bedriftene i Nordhordland og Bergen nord. Han trekkjer særskilt fram den rolla som Nordhordland handverk- og industrilag (NHIL) spelar for å legge til rette for samarbeid. – NHIL spelar ei viktig rolle for å auke motivasjon og fagleg tilhøyrsle for elevane, til dømes gjennom konkurransar i dei ulike faga der bedriftene stiller lokale til disposisjon, seier Nesse.

Eksterne oppdrag på skulen
Os vidaregåande skule har utplassering i bedrift i fordjupingsprosjekta på Vg1, men vanlegvis ikkje i programfaga. Dersom dei ser at utplassering er eit godt pedagogisk verkemiddel for enkeltelevar, forsøker dei likevel å få det til i produksjonsfaga. Skulen har dessutan gode erfaringar med å ta eksterne oppdrag der elevane får trene seg på reelle og varierte arbeidsoppgåver. Det er gjerne privatpersonar som er oppdragsgjevar. Oppdraga stiller ulike krav til kompetanse, og skulen freistar å tilpasse arbeidet til kompetansemåla i ulike utdanningsprogram. Elevane har gjort fleire oppdrag på eigen skule med bygging av garasje og garderobar. Det har gitt elevane høve til å øve seg på både støyping, stillas, tømrararbeid, modulbygging og muring i våtrom. I tillegg har elevar frå anleggslinja vorte brukt til gravearbeid, og transportlinja til å frakte materiale både til byggjeplassen og opp på taket.

– Eg trur elevane får meir tid til å prøve og feile når dei gjer oppdrag med skulen enn når dei er på utplassering i bedrift, for i bedriftene  blir det gjerne litt høgare produksjonspress, seier Lasse Svellingen, avdelingsleiar ved bygg- og anleggsteknikk (BA) og teknikk og industriell produksjon (TIP) ved Os vidaregåande skule. – I oppdragskontrakten skulen brukar når vi tar eksterne oppdrag, står det at arbeidet kan ta litt lenger tid og at materialkostnaden kan bli litt høgare enn med profesjonelle. Det er fordi vi kanskje må gjere nokre ting opp att. Men byggjekostnadene blir totalt sett låge for oppdragsgjevar.

Øvingsfelt for elevar
Os vidaregåande skule har også eit eige treningsfelt for elevar som skal bli yrkessjåførar og anleggsmaskinmekanikarar. Der får elevane tryggleiksopplæring og dei får tid til å øve seg på å handtere dei store maskinene. – Det er viktig at dei øver inn rolege rørsler når dei brukar maskinene. Dette er maskiner som kan koste fleire millionar kroner, så uvørden framferd kan medføre slitasje eller skader som gir store kostnader for bedriftene, forklarer Svellingen. Dei flinkaste elevane får etter kvart delta i reelle arbeidsoppdrag, mens dei svake elevane fortset i øvingsfeltet der dei får tett oppfølging av lærarane.

Tilbake til hovudartikkel