Fjord Tours

AKTIV FERIE: Fjord Tours legg til rette for dei som vil bruke kroppen i ferien. I Eidfjord får turistane oppleve fjorden frå kajakken. Foto: Fjord Tours

Fjord Tours

Turisme i eit nøtteskal

Frå Bergen sel Fjord Tours norsk natur til heile verda. Deira rundreiser er inngangsbilletten til fjordane i Hordaland for 40 000 reisande årleg. Det gir ringverknader for heile turistnæringa. – Vi har hatt eit fantastisk år, seier Steinar Aase, dagleg leiar i Fjord Tours i Bergen. Totalomsetnaden i 2013 var på om lag 92 millionar kroner – brutto. Aase har grunn til å vere entusiastisk. Reiselivsverksemda i Bergen har hatt 13 år på rad med auke i omsetnaden. – Sjølv i dei to svakaste månadane i fjor, oktober og november, hadde vi en omsetnad på 2,6 millionar kroner. Dei gode resultata plasserer Fjord Tours som den største reiselivsverksemda i landet.

Populære rundturar
Frå kontora i Bergen tilbyr dei ferdigpakka turar i heile landet, både til den nasjonale og internasjonale marknaden. Dei to mest kjente produkta er turen «Norge i et nøtteskal» og rabattpasset «Fjord Pass». Begge produkta er registrerte varemerke. Fjord Pass-kortet er Fjord Tours sin klassikar. Kortet inneheld rabatt på overnatting, aktivitetar og reise med Fjord1 sine turistruter. Dei fleste finn tilboda frå Fjord Tours på nettet. Nettstaden hadde heile 1,5 millionar besøkande i 2013, og genererer 64 prosent av omsetnaden.

Trekkjer turistar til fylket
Gjennom sine rundreiser og pakketurar sender Fjord Tours utlendingar og nordmenn på reise i Hordaland og resten av landet. Siste tilskot er Aktiv ferie, med mellom anna sykling på Rallarvegen og kajakkpadling i Flåm og Hardanger. Aktiv ferie kan kombinerast med andre tilbod som Bilferie i Norge. Der legg Fjord Tours til rette for bilruter som kombinerer storslått natur, attraksjonar og aktivitetar. Langs rutene finst overnattingsstader som er med i Fjord Pass-ordningar. Men det er rundreisene som er mest populære. – Våre rundreiser går alltid med offentleg transport som tog, båt og buss, seier Steinar Aase. – Dei fleste rundturane startar og sluttar i Bergen eller Oslo, men dei reisande bruker hotell og andre overnattingar over heile landet. Den klassiske turen går frå Bergen med båt til Flåm, tog frå Flåm til Myrdal og tog anten til Bergen eller Oslo.  Og rundturane trekkjer turistar til fylket. I følgje Aase genererte dei i 2013 nesten 49 000 gjestedøgn i Hordaland.

Løftar kvarandre
Reiselivet i Hordaland lever på sett og vis av symbiosen mellom by og land. Dette er Fjord Tours som reiselivsarrangør eit godt døme på.  Men også transportselskap og overnattingsverksemder i fylket nyt godt av denne sameksistensen mellom by og land. Mange tilreisande, både turistar og forretningsreisande, har ei eller fleire overnattingar i Bergen, men nyttar seg av Fjord Pass eller andre av Fjord Tours sine tilretteleggingar for større eller mindre rundturar i resten av fylket – eller landet. Dette gir store ringverknader både for transportselskap og overnattingsverksemder i Hordaland. Men Aase er uroa over at mange av hotella i distrikta slit. – Mister vi hotella, forsvinn også opplevingane i desse områda.  

Fjordturar og cruisetrafikken
Mange turistar kjem til fjordane med cruiseskip. Aase vil ikkje cruisetrafikken til livs, men å sende turistane rundt i fylket med offentleg transport eller eigen bil, gir langt større positive ringverknader, seier han. – Våre reisande genererer mykje meir per hovud enn kva cruiseturistane gjer. Medan reisande med cruiseskip både et og søv om bord på skipa, nyttar våre reisande både lokal transport og lokale overnattingstilbod. Cruiseturistane legg nok att nokre kroner på suvenirar i dei hamnene dei vitjar, men det er lite i høve til kva turistar som reiser på eigen hand gjer, seier Aase.

Kjelde
http://www.fjordtours.com/no/

Tilbake til hovudartikkel