Flåmsbrygga

VIDGJETEN ØL: Aud Melås tok med seg ektemannen Evan Lewis frå USA til Flåm. Saman har dei skapt ein suksess med hotell, restaurant og Ægir mikrobryggeri. Foto: Thomas Anthun Nielsen.

Flåmsbrygga

Øl- og overnattingssuksess i Flåm

 

I Flåm lokkar jotnen Ægir turistar til ete- og drikkegilde. Flåmsbrygga har gjort stor suksess med hotell, restaurant og sjølvbrygga øl oppkalla etter den norrøne guden. 

– Vi har kanskje den beste julebordsesongen nokon sinne, seier Aud Melås frå Flåmsbrygga. Ho møter oss i slutten av det som har vore eit godt år. – Sidan mars har vi hatt omsetnadsauke kvar månad. I 2004 starta ekteparet Aud Melås og Evan Lewis å utvikle det som skulle bli Flåmsbrygga i Flåm. Finanskvinna frå Leikanger flytta heim frå USA og ei lovande karriere der for å starte mikrobryggjeri, hotell, restaurant og kafé retta mot turistnæringa saman med sin amerikanske bryggjarektemann.  Det har dei lukkast med.

Færre frå Europa
– Dei siste somrane har det vore fullt belegg på hotellet og mange gjestar i restauranten, seier Melås. Flåmsbrygga hotell har mest utanlandske overnattingsgjestar. Men i år har talet på besøkjande frå Europa gått ned, særleg frå Spania. Samstundes har hotellet hatt fleire norske overnattingsgjestar. – Vi ønskjer å sjå fleire nordmenn. Dei er ikkje flinke nok til å feriere i eige land, men det har vorte betre dei siste åra, særleg om hausten. Nordmenn er opptekne av å oppleve noko.

Satsar på oppleving
I Flåm ligg alt til rette for aktivitet i ferien. Her kan ein sykle Rallarvegen, padle kajakk, vandre i fjellet og dra på fjordsafari. Melås fortel at dei samarbeider med fleire opplevingsverksemder som arrangerer turar og ulike pakkeløysingar. – Først vandrar dei i fjellet eller syklar Rallarvegen, så kjem dei til oss for opplevingar i bryggjeriet, og for å ete og sove.

Lokal ølbrygging
Mikrobryggjeriet Ægir er oppkalla etter guden i norrøn mytologi som bryggja det beste ølet, og som heldt store festar med mykje mat og drikke. Dei gjer ikkje skam på namnet. Nyleg vann Ægir India Pale Ale prisen for Årets øl 2012 under matgallaen i Stavanger og det populære juleølet vart i fjor utseld fleire månadar før høgtida starta. For å møte etterspurnaden etter spesialølet har dei måtta drive lisensbrygging i Belgia i tillegg til småbrygginga i Flåm. Men i 2012 investerte dei 18 millionar kroner i nytt produksjonsbryggjeri, og flytte heile produksjonen attende til Flåm.

Vanskeleg vinter
Ei utfordring for turistnæringa i Sogn og Fjordane er å trekkje overnattingsgjestar utanfor sommarsesongen. – Vi må få opp interessa for å besøkje Norge og Flåm om vinteren og våren. Då må vi tenkje annleis enn dei kjende skidestinasjonane. Her handlar det om fjordlandskapet om vinteren, og å skape aktivitetar rundt det. Flåmsbrygga har halde ope heile året sidan dei starta. – På kort sikt svarar det seg ikkje å halde ope om vinteren, men forhåpentlegvis gjer det det på lang sikt, seier Melås.

Kjelde
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.10862342

Tilbake til hovudartikkel