FMC Technologies

FMC Technologies

Multinasjonalt på Ågotnes

På Ågotnes utanfor Bergen jobbar 28 ulike nasjonalitetar saman i eitt selskap. FMC Technologies har 14 200 tilsette som designar, byggjer og server avanserte teknologiske løysingar til 27 olje- og gassinstallasjonar i 25 land. Basane i Kristiansund, Florø, Angola, Skottland og Polen blir operert frå det regionale hovudkontoret på Ågotnes.

- Vi er ikkje berre eit multinasjonalt globalt selskap, vi er òg fleirnasjonale lokalt, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen frå Bergen. - Når vi lyser ut stillingar lokalt er desse alltid på engelsk. Resultatet er at omtrent halvparten av søkjarane på enkelte stillingar kjem frå andre land enn Noreg.

Av dei 900 stillingane selskapet har lokalt er det ein blanding av norsk og utanlandsk arbeidskraft i alle avdelingane. I dei operative stillingane som er lokalisert til Hordaland er det flest nordmenn, men i utviklingseiningane og administrasjonen er innslaget av andre nasjonalitetar langt større. – Det siste tilskotet er søknader frå asiatiske land, seier Helgesen. – Vi tilsette nyleg fleire ingeniørar frå India, der mykje av rekrutteringa framover nok vil komme.
 

Tilbake til hovudartikkel