Global Future

OPP OG FRAM: Gjennom Global Future fekk Hiwa Målen fart på karrieren. No arbeider han som senioringeniør i Aker Solutions. Foto: Inger C. Nordhagen.

Global Future

Jaktar på ubrukt kompetanse

Hiwa Målen hadde spisskompetanse, men visste ikkje korleis han skulle bruke den. Så søkte han seg til eit mentorprogram frå NHO. – Global Future vart ein augeopnar, fortel Hiwa Målen.

Molekylærbiologen med bakgrunn frå Nord-Irak var klar for ei karriere utanfor akademia. I dag arbeider han som senioringeniør i Aker Solutions. Der leiar han prosjekt retta mot modifikasjonar av installasjonar på Gullfaks-feltet. – Eg har funne mitt selskap og er stolt av å få jobbe her. Det hadde eg ikkje greidd utan Global Future, seier Målen.

Fleire rekrutterer internasjonalt
Store delar av næringslivet har fått merke at det er vanskeleg å rekruttere folk med rett kompetanse. Stadig fleire vel å sjå utanfor landets grenser etter tilsette. Næringsbarometeret syner at kring 13 prosent av verksemdene i fylket planlegg å rekruttere frå utlandet det komande året. Innanfor industrien har denne delen auka frå 7 prosent i fjor til 17 prosent i år. 

Vinnarar i alle ledd
Rekrutteringsvanskane var noko av årsaka til at NHO starta Global Future i Aust-Agder i 2006. Målet med programmet er å synleggjere den kompetansen som allereie finst i landet, blant førstegongsinnvandrarar. Hordaland starta sitt Global Future-program i 2011. – Det er ein vinn-vinn-vinn situasjon, seier prosjektleiar for Global Future i Hordaland, Elisabeth Jebsen Marek. – Næringslivet har behov for arbeidskrafta, deltakarane treng å få brukt kompetansen sin, og samfunnet oppnår betre integrering.

Høgt kvalifiserte
Kvalifikasjonane til deltakarane er det i alle fall ikkje noko å seie på. Berre i årets kull er det fem doktorgradskandidatar. Minimumskravet er utdanning på bachelor-nivå. I følgje Marek kjem ein god del av søknadene til Global Future frå personar som sit i stillingar dei er overkvalifiserte for. Samstundes viser tal frå Næringsbarometeret at ei av ti verksemder i Hordaland har vore nøydd å tilsetje personar med lågare kvalifikasjonar enn det stillinga normalt krev. Dersom Global Future kan bidra til at verdifull kompetanse finn vegen dit han trengst mest, må det seiast å vere god samfunnsøkonomi.

Karriereutvikling
Og det er nettopp slik positiv effekt Global Future kan ha ført med seg. Det syner ei evaluering som Sintef gjorde av programmet i 13 regionar i fjor. Evalueringa viste at ein av fire deltakarar har kome over i stillingar som er meir i samsvar med deira kompetanse. Til saman to av tre deltakarar hadde opplevd karriereutvikling som følgje av programmet. Truleg er dei langsiktige effektane endå større. Med auka kunnskap, større nettverk og auka sjølvtillit vil fleire deltakarar kunne oppleve karriereutvikling på sikt.

Gir sjølvtillit
I løpet av dei vel 18 månadene programmet varar, blir deltakarane kursa i mellom anna leiarutvikling, styrekompetanse og retorikk. Bedriftsbesøk og gruppearbeid står òg på programmet – og eiga mentorordning.

Hiwa Målen gir mentor Solveig Thunestvedt mykje av æra for den utviklinga han har hatt sidan han søkte seg til Global Future. Som leiar for prosjektleiing- og kontrollavdelinga i Aker Solutions, med ansvar for 250 tilsette, sit Thunestvedt på mykje bransjekunnskap og erfaringar som vart viktig for Målen. – Ho hjelpte meg å bli bevisst kva eg ville og korleis eg kunne komme dit. Men sjølvtilliten eg fekk var minst like verdifull. Det handlar om å bli tryggare på kven ein er og kva ein kan. Eg har til dømes aldri tidlegare tenkt på den fleirkulturelle bakgrunnen min som ein type kompetanse. 

Ønskjer mangfald
– Hiwa er ein ressursperson, usedvanleg open og reflektert. Eg er veldig glad for at vi greidde å rekruttere han, seier Thunestvedt. I løpet av eitt år følgde ho Hiwa tett. I dag er Aker Solutions inne som sponsor for Global Future, og Thunestvedt sit i styringsgruppa for programmet i Hordaland. – Det er utruleg mange dyktige kandidatar i programmet. Vi ønskjer å bidra til å avdekke den kompetansen som finst regionalt, seier Thunestvedt.

Med 70 ulike nasjonalitetar på landsbasis og nærmare 30 representert berre i Bergen, er Aker Solutions eit selskap prega av kulturelt mangfald. Då hjelper det om leiarane har kulturell kompetanse i bagasjen.  – Det var ein viktig grunn til at eg søkte rolla som mentor, seier Thunestvedt. – I eit miljø med så mange ulike kulturar er det utfordrande å forstå den enkelte og sørgje for at alle jobbar godt saman. Men mangfald tilfører nye tankesett. Skal vi utvikle oss, kan vi ikkje tråkke i dei same spora. Det er ein viktig grunn til at vi støttar eit tiltak som Global Future.

Tilbake til hovudartikkel