Havbruk

MARINT SAMARBEID: I haust inviterte Øyvind Kråkås frå Salmon Group til det første møtet i Marint Vekstforum. Målet er å få dei ulike aktørane i havbruksnæringa til å samarbeide betre. Foto: Salmon Group

Marint Vekstforum

Møtest på tvers

Meir forsking, meir kunnskap og meir samarbeid. Det er ambisjonen for Marint Vekstforum som starta opp i haust.

– Sogn og Fjordane har ei lågare FoU-takt enn landet elles, det gjeld også havbruksnæringa. Vi vil styrke samarbeidet mellom oppdrettsnæringa og leverandørindustrien for å få til meir forsking og utvikling, seier Øyvind Kråkås, ein av initiativtakarane bak Marint Vekstforum.

Sjølv om Næringsbarometeret viser at mange havbruksverksemder i fylket satsar på FoU, meiner Kråkås at det er rom for ei mykje breiare satsing. Han har sjølv erfart at det kan vere vanskeleg å drive større forskingsprosjekt i fylket. – Salmon Group dreiv eit forskingsprosjekt innan integrert akvakultur i Solund, men vi hadde problem med å få folk med oss på det, seier Kråkås. – Det fekk oss til å innsjå at det var naudsynt å styrke forskingsmiljøet i fylket. Ein måte å gjere det på er å samarbeide meir på tvers av verdikjeda. – Gjennom Marint Vekstforum kan oppdrettsnæringa trekke vekslar på kompetansen i leverandørindustrien og la dei få kjennskap til utfordringane som vi i oppdrettsnæringa sit med.

Partane bak forumet fann også motivasjon i rapporten «Et kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» som kom ut i 2012. Den peika på at det var for få robuste kunnskapsklynger i fylket. – Det styrka oppfatninga om at det var naudsynt å gjere noko, seier Kråkås.

Målet er først og fremst at aktørane i den marine klynga skal ha meir kontakt og samarbeide betre. Men forumet skal også fungere som møteplass der representantar frå næringsliv, forvalting og politikk kan samlast for å diskutere dagsaktuelle og relevante problemstillingar. Tema for det første møtet i september var grøne konsesjonar. Planen er å halde fire slike møter i året. – Vi kjem til å ta opp eit stort spekter av problemstillingar, alt frå fiskehelse til rekruttering, seier Kråkås. Han vonar så mange verksemder som mogleg vil nytte høvet og melde seg inn. Ved utgangen av året hadde forumet allereie rukke å få 15 medlemmar.

Tilbake til hovudartikkel