Havyard Ship Technology AS

Havyard Ship Technology AS

Offshore-verft med fulle ordrebøker

Den første båten som vart levert frå Løland Motorverkstad i 1938 var den 15 meter lange «Loftesnesferja» med plass til fire bilar. Det er eit langt sprang derfrå til dei moderne offshore-fartøya som i dag blir produsert ved skipsverftet i Leirvik. I mellomtida har verftet vore gjennom fleire eigarbyte og er i dag ein del av det Fosnavåg-baserte konsernet Havyard Group AS. Tre fartøy er i desse dagar under arbeid ved verftet. Berre eitt av dei er for eit norsk reiarlag. Dei to andre er tinga av reiarar frå Færøyane og India.

- Før 2005 var Havyard eit tradisjonelt verft, seier verftsdirektør Trygve Solaas. - Dette året la vi om drifta og utvikla oss til eit fullt integrert internasjonalt skipsbyggingskonsern som også designar, prosjekterer og utviklar fartøy. Havyard Group AS er i dag lokalisert i Polen, Kroatia, Tyrkia, Brasil, India, Singapore og Kina. Med omlegginga voks både omsetnaden og lønsemda. Konsernet omsette for rundt 1,5 milliardar i 2011 og dobla samtidig overskotet frå året før. Som takk for innsatsen fekk alle dei fast tilsette 20.000 kr. i bonus.

Vel 200 av desse jobbar ved verftet i Leirvik. I tillegg vil det ofte vere opp mot 300 andre i arbeid på verftsområdet når aktiviteten er på topp. Desse kjem frå andre selskap og kontraktørar som er involvert i klargjeringa av fartøya. Svært mange er utanlandske, hovudsakleg frå Aust-Europa. Havyard byggjer ikkje lenger skroga sine sjølv. – Vi har korkje anlegg eller eit kostnadsnivå som gjer det mogleg eller fornuftig, seier Solaas. Dei fleste skroga blir bygde i Tyrkia og blir deretter taua til Leirvik for klargjering. Her blir skipa innreidd, samtidig som maskiner og anna teknisk utstyr blir montert, testa og sett i drift. Havyard sel også sine eigne designpakkar til andre verft i inn- og utland. – Vi er heilt klart ein leiande aktør internasjonalt når det gjeld design av moderne offshore-fartøy, seier Solaas. Han er optimist med tanke på framtida. – Som det ser ut i dag, har vi arbeid til utpå hausten neste år.

Tilbake til hovudartikkel