Hotel Alexandra

Hotel Alexandra

Tek konene

Sjekkar du inn på hotell Alexandra i sommar, er sjansane store for at du blir møtt med eit svensk «Välkommen». Svensk arbeidskraft har nemleg vorte uunnverleg for det ærverdige hotellet inst i Nordfjorden – som så mange andre stader i Noreg. Saman med arbeidstakarar frå Baltikum, Tyskland, Polen og Slovakia utgjer dei svenske hotellarbeidarane kring 25 prosent av dei til saman 270 - 300 tilsette ved hotellet. Dei aller fleste er sesongarbeidarar, som gjerne kjem igjen sesong etter sesong. – Det går av seg sjølv, seier hotellsjef Rikard Grov om rekrutteringa. Han har lang erfaring med denne måten å skaffe arbeidskraft på. Heilt sidan 1970-talet har hotellet henta folk utanfor landegrensene for å dekkje arbeidskraftbehovet.

- Vi er heilt avhengige av dei for å eksistere, seier Grov, som òg peikar på ringverknadene for turistnæringa. – Dei som kjem hit fortel om Noreg til vener og kjende, familiane kjem på besøk mens dei jobbar, og vi opplever at dei som har jobba her som unge, kjem igjen med familien etter nokre år for å vise fram Loen. 

Dei språklege utfordringane som følgjer med det å ha ein internasjonal stab har hotellet sjølv tatt fatt i. - Mange har eit språkproblem i byrjinga. Difor byrjar dei «backstage». Når dei etter kvart blir betre, kan dei få andre typar jobbar, seier Grov. På eige initiativ har hotellet starta eit norskkurs for å hjelpe dei tilsette å kome over den bøygen det er for mange å snakke norsk. Lærarar blir leigd inn for å gi kurs på 60-80 timar, med vekt på munnleg norsk.

Hotel Alexandra finn òg meir kreative måtar å rekruttere på. Dei siste åra har hotellet opplevd ei tilstrøyming av slovakiske arbeidarar, mykje takka vere sambygdingen Nordfjord Kjøtt. – Nordfjord Kjøtt finn god kompetanse i Slovakia. Dei rekrutterer stort sett mannfolk – og så tilset vi konene deira, ler Grov. – Det er ei gunstig ordning som gjer at dei blir buande lenger. Mange av dei slår seg ned i bygda, fortel han. Slik sett er Loen eit framifrå døme på korleis samarbeid kan skape synergiar for heile lokalsamfunnet.

Tilbake til hovudartikkel