Fagopplæring

GODT NØGD: Statoil Mongstad er ei populær lærlingbedrift. Mads Stendal (20) frå Gulen trivst som automasjonslærling. Foto: Statoil Mongstad

Statoil Mongstad

I kø for lærlingplass

19 år gamle Christine Solhaug har reist over 130 mil for å jobbe som lærling hos Statoil Mongstad. Ho er ei av dei heldige. Så mange ønskjer lærlingplass i Statoil at verksemda kan velje blant dei aller beste.

– Vi er godt nøgde med kvaliteten på lærlingane her, seier Jon Halstein Tjore, informasjonsleiar hos Statoil Mongstad. Det er ikkje rart. For medan andre verksemder gjerne slit med å få dei flinke og motiverte lærlingane,  får Statoil inn nesten ti søkjarar til kvar plass. Verksemda er den største fagopplæringsbedrifta i Noreg, med 166 lærlingplassar kvart år i heile konsernet.

I år har 32 av dei hamna her, på Statoil Mongstad. Verksemda tek imot lærlingar innan laboratoriefaget, kjemiprosessfaget, automatikarfaget, elektrikarfaget, industrimekanikarfaget og logistikkfaget. Totalt har dei no 64 ordinære lærlingar på Mongstad.

Lang heimreise
Christine Solhaug frå Meløy i Nordland er prosessoperatørlærling, og jobbar ved råoljeanlegget. – Ein prosessoperatørlærling ser til at ting fungerer, seier ho. – Ved hjelp av datamaskiner og kontroll ute i anlegga sjekkar vi at produksjonen går som den skal. I tillegg skal vi kunne utføre enklare vedlikehaldsoppgåver. At ho måtte reise langt for å bli lærling her, klagar ho ikkje over. – Skiftordninga med 10 dagar fri gjer at eg kan reise heim og vere der i lengre tid. Det er også heilt greitt å jobbe lange dagar når ein kan ta dette att med ein lang friperiode.

Sikrar rekrutteringa
Lærlingordninga i Statoil er ei viktig kjelde til rekruttering av fagarbeidarar, fortel Jon Halstein Tjore.   – Vi ønskjer å sikre oss godt kvalifiserte kandidatar, og det får vi gjennom lærlingordninga. Statoil treng lærlingar som har gjennomgått læretid t.d. som prosessoperatør i verksemda. Det tar gjerne seks år å bli ein god prosessoperatør, av den grunn er det ein fordel for oss at operatøren har gått i lære her på Mongstad og kjenner prosessanlegget her.

Samfunnsansvar
Men det er ikkje berre eigeninteresse som ligg bak. Statoil ønskjer å bidra til utdanning av dyktige fagarbeidarar, seier Tjore. – Det er ei målsetjing for Statoil å utdanne fleire lærlingar enn vi sjølv har bruk for. Vi ser dette som ein del av vårt samfunnsansvar. Samstundes er vi også avhengige av at både vi og våre kontraktørar har tilgang på dyktig arbeidskraft med kompetanse som er relevant for vår verksemd.

Grundig opplæring
Om lag halvparten av dei 32 som blei tatt inn på Mongstad i år kjem frå Hordaland, og 10 av desse kjem frå Nordhordland. Ein av dei er Mads Stendal (20), automasjonslærling, frå nabokommunen Gulen. Både han og Christine Solhaug understrekar at opplæringa på anlegget er god.

– Som automatikarlærling blir ein kjent med heile anlegget og får arbeide saman med andre faggrupper, seier Stendal. – Eg får opplæring på ulike avdelingar, det vil seie at eg i løpet av læretida skal ha vore innom prosessanlegg, ytre anlegg, analysesystem og brann- og gassystem.
Kvar lærling har ein fagleg leiar, som har ansvar for å følgje opp at dei får fagopplæring i tråd med fagplanen. Dei får også tildelt ein instruktør som skal følgje dei opp dagleg i arbeidssituasjonen.

Populær TAF-ordning
I tillegg til dei ordinære lærlingane, har Statoil Mongstad tatt opp tre TAF-elevar kvart år. – Det er elevar som kjem rett frå ungdomsskulen, og går eit fireårig løp i ein kombinasjon mellom opplæring på arbeidsplass og vidaregåande skule, seier Tjore. Etter fire år får TAF-elevane fagbrev som industrimekanikar. I tillegg får dei spesiell studiekompetanse og kan gå rett vidare til t.d. ingeniørstudiet. Dei får også betaling for den tida dei er på arbeidsplassen. – TAF-ordninga er krevjande for dei som deltek, seier Tjore. – Men ordninga er populær, og det krevjast gode karakterar frå ungdomsskulen for å kome inn. Søkjarane må også gjennom eit intervju, og vi vektlegg mellom anna gode haldningar.

Framtid i Statoil
Både Mads Stendal og Christine Solhaug kan tenke seg å fortsette i Statoil etter avslutta læretid. Medan Stendal som er frå regionen ser på Mongstad som ein grei arbeidsplass, er ikkje Solhaug framand for tanken om å prøve seg ute på plattform. Ingen av dei er urolege for at dei utdannar seg til arbeidsløyse. Om dei ikkje kjem til å jobbe i Statoil, er dei sikre på at det alltid vil vere behov for automatikarar og fagarbeidarar innan prosess.

Tilbake til hovudartikkel