Ingen snarleg solnedgang

Gode sirklar AS

Ingen snarleg solnedgang

 

Sjølv om situasjonen er alvorleg, er ryktet om oljenæringa sin snarlege død sterkt overdriven.

– Eg er overtydd om at olja vil være ein viktig næringsveg på øyane her vest i mange tiår framover, sjølv om aktiviteten aldri vil nærme seg det nivået vi har sett dei siste åra, seier Ivan Ole Moldskred. Han er prosjektansvarleg i Gode Sirklar AS, eit felles næringsutviklingsselskap for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Gode Sirklar er sterkt engasjert i det som no skjer i oljeklynga på Sotra og spelar mellom anna ei sentral rolle i det strategiske samarbeidet som er blitt etablert i den såkalla Verkstedsgruppen under Vest Næringsråd. Vi møter Moldskred saman med Sigmund Kvernes, som er dagleg leiar i selskapet.

Vanskeleg for nye aktørar
– Vi trur at dei fleste av dei godt etablerte verksemdene her vest også vil overleve den tilpassingsprosessen vi no er inne i, sjølv om talet på tilsette truleg vil måtte ned hos fleire. Men eg er redd for at vi også vil sjå konkursar, seier Kvernes. – Mange av dei nyare aktørane som har kome til under den siste oppgangsbølgja har eit svakare utgangspunkt, både når det gjeld erfaringsgrunnlag og økonomi. Vi fryktar at dei vil ha langt større vanskar med å tilpasse seg det nye regimet enn dei som har vore i næringa lenger.

Kostnadskontroll og kvalitet
Moldskred har likevel inga tru på at solnedgangen for oljenæringa er nær. – Det vi no gjennomlever er ei smertefull tilpassing til «60 dollar regimet», seier Moldskred. Operatørane i oljenæringa reknar med at dei vil måtte leve med ein oljepris på rundt 60 dollar i mange år framover, og tilpassar kostnads- og aktivitetsnivået til eit slikt regime. – For leverandørindustrien betyr dette færre oppdrag og prispress, seier Moldskred.

– Oppdraga har kome for lett dei siste åra, legg Kvernes til. – Det har vore nok av jobbar rett utanfor verkstaddøra og leverandørane har derfor sloppe å anstrenge seg. No må dei vere meir på hogget, leite etter nye marknader og tenkje utanfor boksen.

Kvernes viser til det utviklingsarbeidet som ein er i gang med i oljeklynga på Helgelandskysten. I regi av organisasjonen Olje- og gassnettverk Helgeland har ein sett i gang eit systematisk arbeid for å auke leveringspresisjonen til verksemdene. – Sterkare vektlegging av mellom anna leveringstid, kostnadskontroll og kvalitet er avgjerande om ein ønskjer å overleve i den konkurransen vi no ser, presiserer Kvernes. Utviklingsarbeidet mellom verksemdene i nettverket på Helgeland er forventa å gje resultat og aktørane ser no nye moglegheiter.

Tilbake til hovudartikkel