Johny Birkeland Transport

VELLUKKA NISJE: – Etterspurnaden etter tenester er aukande, seier dagleg leiar Johny Birkeland. Teknologi og kundepleie har vore nøkkelfaktorar for verksemda. Foto: Johny Birkeland Transport AS.

Johny Birkeland Transport

Klarar seg i ein tøff marknad

– Eg opplever situasjonen som jamn og god. Etterspurnaden etter tenester er aukande, men det er også konkurransen om kundane, seier dagleg leiar Johny Birkeland i Johny Birkeland Transport AS på Sløvåg. Selskapet som ligg i grenselandet mellom transportfirma og miljøfirma, er ikkje råka av krisa i Europa. – Det merkar vi lite til, seier Birkeland. – Verksemda er lite avhengig av skiftande konjunkturar.

Birkeland ser lyst på framtida og fortel at både 2011 og 2012 var gode år for verksemda på Sløvåg.  – Vi har etablert oss som ein seriøs og framtidsretta aktør i marknaden, noko eg trur vil slå positivt ut for oss. Teknologi og kundepleie har vore viktig for selskapet sin posisjon i marknaden. – Vi har heile tida freista å liggje langt framme i bruk av teknologi, seier Birkeland. – Her har vi eit godt samarbeid med Septik24 – som er ein paraplyorganisasjon kor vi samarbeider med Miljøservice i Stryn. Samstundes har vi lagt stor vekt på å utvikle eit godt rapporteringssystem ovanfor kundane våre, og i det heile satsa på å følgje opp kundar.

For finansieringa hjelper det at JBT AS har eit godt tilhøve til Sparebanken Sogn og Fjordane. – Gode relasjonar til banken gjer at banken kjenner oss og kva vi står for, seier Birkeland.

Fakta om selskapet:
Johny Birkeland Transport vart etablert som eit privat selskap I 1982 og omgjort til aksjeselskap I 1994. Selskapet opererer innanfor to hovudområde:

  • Septikrelaterte tenester til kommunar og interkommunale selskap – Septik 24.no
  • Spesialtenester til industri, privat- og offentleg sektor – Smartek.
Tilbake til hovudartikkel