Kværner Stord

BYGGJER PLATTFORMDEKK: På Stord er arbeidet med den nye Edvard Grieg-plattforma i full gang. Kværner Stord har arbeid til over 2 000 personar her. Foto: Kværner Stord

Kværner Stord

Byggjer oljeframtida

På Stord er godt over 2 000 personar i arbeid for Kværner. Her har dei sikra rekrutteringa med eigen lokal fagskule.

På anleggsområdet til Kværner Stord ruvar dekket til ConocoPhillips si plattform til Eldfisk allereie i terrenget. Her er det hektisk aktivitet om dagen. Arbeidet på den nye Edvard Grieg plattforma har nett starta opp. Samstundes har verksemda mange tilsette som er engasjert i arbeidet med å oppgradere Ormen Lange-anlegget i Nyhavna på Aukra.

Sjølv om Kværner Stord nyleg har tapt i konkurransen om kontraktar for eit to-sifra milliardbeløp, er det inga panikkstemning å spore. Berre med utgangspunkt i den eksisterande ordrereserven, er dei vel 1 500 fast tilsette sikra arbeid i fleire år framover. Medrekna innleidd personell, er godt over 2 000 personar i arbeid på Kværner Stord, eit tal som heller vil auke enn minke i dei næraste månadene. Edvard Grieg-plattforma skal først leverast i 2015 og arbeidet på Ormen Lange-anlegget har eit endå lengre tidsperspektiv.

– Mangelen på kvalifisert arbeidskraft er ei stor utfordring for verksemder som oss, sjølv om vi i Kværner Stord så langt har lukkast med å skaffe oss den arbeidsstokken vi treng, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal. – Eit særs vellukka tiltak i så måte, er opprettinga av den tekniske fagskulen på Stord i samarbeid med Bergen tekniske fagskule, seier Naustdal. Initiativet kom frå Kværner Stord, Apply Leirvik, Advantec og Wärtsilä, men er organisert som eit spleiselag mellom desse verksemdene, Hordaland fylkeskommune og Samarbeidsrådet for Sunnhordland. – Det første kullet på 30 kandidatar er tilsette hos Kværner Stord og dei andre lokale verksemdene som kombinerer arbeid med studier, seier Naustdal. – Målet no er å kunne utvide tilbodet slik at vi også kan utdanne ingeniørar på masternivå.

Tilbake til hovudartikkel