Lerum

TEK SAMFUNNSANSVAR: - Lerum skal vere ein bidragsytar til utviklinga i regionen, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug. Foto: Lerum

Lerum

Ei lokal drivkraft

Samfunnsansvar er ein viktig del av Lerum sin filosofi. For dei handlar det om fellesskap.

– Skal vi få til utvikling i regionen må alle ta eit tak, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug. Sidan den spede byrjinga har verksemda vore medviten om si rolle i lokalsamfunnet. Ved å bruke lokale leverandørar og samarbeide med lokale lag og organisasjonar har Lerum vore ein pådrivar for lokal utvikling.

Lokalt samarbeid
Sjølv om samfunnsansvaret sit i ryggmargen til verksemda, har arbeidet fått ei klarare retning dei siste åra. Til det bidrog mellom anna nettverksprosjektet «Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane», kor Lerum sat i styringsgruppa. Verksemda har mellom anna definert tydelege satsingsområde for arbeidet.

Samarbeid med lokale aktørar er eitt slikt satsingsområde. – Vi brukar fleire millionar årleg på å støtte lokale lag og organisasjonar, både gjennom pengestøtte og produkt, seier Hjellhaug, som vedgår at det òg ligg ei viss eigeninteresse i dette. – Skal vi få tak i tilsette, må dei ha eit tilbod utanfor jobb. Då må vi vere med å bidra til at det finst eit slikt tilbod.

I samarbeid med mellom anna NHO og NAV jobbar Lerum også for eit meir inkluderande arbeidsliv. Gjennom NHO-prosjektet «Ringer i vannet» har Lerum tilbode praksisplass til fleire personar. – Vi har alltid vore opptekne av å gi folk ein sjanse. Vi har fleire døme på personar som har hatt ein tøff start, men som no er faste tilsette hos oss.

Satsar på miljøtiltak
Miljø er eit anna satsingsområde. I 2009 utarbeida Vestlandsforsking ein miljørekneskap for Lerum som viste at selskapet hadde mykje å hente på transportsida. I 2010 sette difor transportselskapet Lerum Frakt seg mål om å redusere CO2-utsleppa. Selskapet blei med i eit fleirårig forskingsprosjekt i regi av Vestlandsforsking, med mål om å finne tiltak som kunne effektivisere drivstoffbruken. I etterkant av prosjektet fekk sjåførane opplæring i meir miljøvennleg køyreåtferd – såkalla økokøyring. Resultatet er lågare drivstoffbruk og mindre utslepp. Returordningar gjennom Grønt Punkt, kjeldesortering og bruk av videokonferanseutstyr er andre miljøtiltak verksemda har sett i verk.

Tek ansvar for etisk handel
For ei verksemd med leverandørar over heile verda, er det dessutan naudsynt å ha kontroll med leverandørkjeda. Verksemda har sidan 2011 vore medlem av Initiativ for etisk handel (IEH) – eit ressurssenter for verksemder som ønskjer å fremje etisk forsvarleg handel i eiga leverandørkjede. Her kan verksemdene få hjelp til å skaffe oversikt over risikobilete i ulike land og bransjar. IEH tilbyr også kontrollverktøy og malar som verksemdene kan bruke ovanfor leverandørane sine. – Fordelen med IEH er at oppfølginga blir sett meir i system, seier Hjellhaug. – Samstundes krev det mykje av oss. Vi må lage planar og rapportere tilbake til IEH. Det handlar mellom anna om kor mange leverandørar som skal kontrollerast kvart år.

Lever av omdømmet
Hjellhaug trur samfunnsansvar berre blir viktigare framover, ikkje minst for verksemda sitt omdømme. – Det er omdømmet vi lever av. Og det handlar ikkje berre om å levere eit godt produkt. Det er summen av alt vi gjer, seier Hjellhaug. 

Tilbake til hovudartikkel