Lerum

SMAKSTEST: Høg kvalitet på frukt og bær er viktig når Lerum lagar saft og syltetøy. Produktutviklarane Oddbjørg Fjelltun og Gunnar Eikemo leiter stadig etter dei beste råvarene. Foto: Lerum

Lerum

Fryktar sukkeravgift og ny marknadsføringslov

 

Naturleg saft og syltetøy frå Sogndal er populært i norske heimar. Men Lerum lir under styresmaktene sin kamp mot sukker. No er dei uroa over rammevilkåra.

Det kling i flasker og glas i fabrikklokala til Lerum i Sogndal som forsyner forbrukarane i Norge med syltetøy og saft. – Nett no forhandlar vi med dei fire store butikkjedene i Norge, seier dagleg leiar Trine Lerum Hjellaug, medan ho viser oss rundt i produksjonslokala. – Mykje er avhengig av utfallet av desse forhandlingane.

– Sukkeravgift råkar feil
Ho er varsam optimist når det gjeld den næraste framtida, men er uroa over rammevilkåra. – Vi er sjølvsagt samde i at det er viktig å få til ei utvikling i retning av sunne matvaner. Men vi synest det er veldig urettferdig at vi som driv med saftproduksjon basert på sunne bær må slite med ei særskilt produktavgift for sukkerhaldige drikkevarer. Vi meiner ein må sjå på heile produktinnhaldet. Dette er ei avgift som råkar feil. Lerum Hjellaug er også uroa over forslaget til ny marknadsføringslov som vil setje strenge grenser for marknadsføring av sukkerhaldige produkt overfor barn og unge.

Nyskaping med norske bær
– Skal vi overleve, må vi vere nyskapande. For oss er innovasjon både å kome fram med nye og spanande bær- og fruktprodukt og å finne til dømes nye bærsortar som er spesielt godt eigna til syltetøy. – Vi er for tida også med på fleire FoU-prosjekt som skal få opp bruken av norske bær. Faktisk er Lerum allereie den norske industriaktøren som tek i mot mest norske bær, seier Lerum Hjellaug. – Men det kostar å drive innovasjon. Difor må vi skape gode økonomiske resultat for heile tida å kunne fornye oss. Då høver det dårleg at driftsresultatet går ned, slik det har gjort siste året.

God design
Elles handlar det mykje om marknadsføring og design. – Marknaden veks ikkje, seier Lerum Hjellaug. For at kundane skal velje våre produkt må vi være synlege og ta oss godt ut. Arbeidet har gitt resultat. I 2011 vart Lerum tildelt den prestisjetunge prisen «Merket for god design» for dei to seriane Lerums utvalde syltetøy og Lerums utan tilsett sukker. Eit nytt grep i marknadsføringa er innføring av nye etikettar frå den vesle verksemda Digital Etikett i Gaupne.

Tilbake til hovudartikkel