Lid Jarnindustri

SNØRYDDING: Produksjon av snøfresarar og vedmaskiner gjer Lid Jarnindustri avhengig av kalde og snørike vintrar. Foto: Lid Jarnindustri

Lid Jarnindustri

Lever av snø og kulde

Snøkjettingar for sykkel, gravferdssvogner og campingtilhengarar er berre eit lite knippe av dei produkta som opp gjennom åra er blitt utvikla og produsert ved Lid Jarnindustri i Norheimsund. I nyare tid har verksemda spesialisert seg på produksjon av ulike typar utstyr for montering på traktor, mellom anna snøfresarar, plogar, vedmaskiner og ulike typar løfteutstyr. Med vekt på verktøy for snørydding og vedhogst er Lid Jarnindustri med sine vel 50 tilsette ei klimautsett verksemd. – Vi hadde eit svært godt år 2011, seier dagleg leiar Svein Ove Lid til Næringsbarometeret. – Men i 2012 har omsetnaden gått ein del ned på grunn av den varme og snøfattige vinteren.  Me er meir kjenslevare for variasjonar i temperatur og snømengde enn av konjunkturane, seier Lid som overtok sjefstolen i verksemda i 2011.

Han ser likevel lyst på framtida – Me kjem greit ut også i 2012 og ventar at den gradvise veksten, som så langt har prega verksemda, skal halde fram. Han meiner at effektive og driftssikre produkt kombinert med god service er dei viktigaste grunnane til at Lid Jarnindustri har gjort det så bra. Verksemda legg mykje arbeid i produktutvikling. Ei eiga avdeling med fem ingeniørar og tre mekanikarar jobbar kontinuerleg med utvikling av nye modeller. - Dette er naudsyn for å overleve, seier Lid. Nye løysingar blir raskt kopiert av andre. Derfor må vi alltid ligge i forkant av utviklinga.

Lid Jarnindustri er nok ein typisk representant for den landbaserte industrien i eit fylke der aktiviteten i oljenæringa er rekordhøg. – Vi merkar absolutt konkurransen frå oljeverksemda, seier Lid. Kostnadspresset er stort og vi konkurrer langt på veg om den same arbeidskrafta. – Vi har likevel klart oss godt og har stor stabilitet i arbeidsstyrken.  Vi har til og med sett døme på at tilsette som har prøvd seg i oljenæringa har kome tilbake til oss. Han trur trivsel og eit særs godt arbeidsmiljø er ei vesentleg årsak til dette. Som så mange andre verksemder på Vestlandet har også Lid Jarnindustri tydd til arbeidskraft frå Polen for å bøte på den akutte mangelen på sveisekyndig personell.

Lid Jarnindustri har møtt kostnadspresset med effektivisering. - Vi investerer heile tida i nye maskiner som kan redusere arbeidskostnadane, mellom anna sveiserobotar. Dette vil vi halde fram med. Målet er å bli best i Norge innanfor vårt område. - Vi har også eit mål om å auke eksporten. Fram til no har vi i all hovudsak produsert for den norske marknaden, men vi opplever i aukande grad at verksemder i mellom anna Tyskland og England har fått opp augo for produkta våre. Utfordringa er få på plass eit forhandlarnett, seier Lid. 

Tilbake til hovudartikkel