LocalHost

LocalHost

IT-selskap i vinden

I romjula 2011 låg Nordfjord i stummande mørke og utan kontakt med omverda etter herjinga til orkanen Dagmar. Likevel kunne Coast Seafood i Måløy kommunisere med sine laksekundar i Europa, fortalde NRK Nyhenda. Mykje av æra for dette vart gitt til det lokale IT-selskapet LocalHost, som hadde forsynt verksemda med nett- og kommunikasjonsløysingar.  - Vi har bygd særs robuste løysingar og var fullt operative gjennom heile denne perioden, seier Sindre Kvalheim, dagleg leiar i LocalHost.

IT-selskapet har hatt ei rivande utvikling dei siste åra. Dei har spesialisert seg på såkalla virtualiseringsløysingar for små og mellomstore verksemder og mykje av veksten har kome frå kundar i Sogn- og Fjordane. Men om lag 40 prosent av omsetnaden stammar frå kundar utanfor fylket, eller «utlandet» som dei kallar det i LocalHost.  – Tilgangen på nye kundar og aktivitetar har vore uvanleg sterk dei siste månadene, seier Sindre Kvalheim. - Eg tek det som eit teikn på at næringslivet i regionen går godt.

LocalHost har elles gjort seg kjend gjennom planane om å byggje eit større og miljøvenleg datasenter i nedlagde Lefdal Gruve. Selskapet har underteikna ein intensjonsavtale med IBM om prosjektet.  Lefdal Gruve er særs godt eigna til dette føremålet med underjordiske areal tilsvarande 17 fotballbaner og med lett tilgang til naturleg kjøling frå fjorden.

Tilbake til hovudartikkel