Luster Mekaniske Industri

LEVER GODT PÅ OLJA: Luster Mekaniske Industri har oljenæringa som storkundar. – Vi ligg i en skjerma del av verda utan konkurrentar, seier dagleg leiar Geir Øren (t.v). Foto: Pelle Engesæter.

Luster Mekaniske Industri

Oljesuksess langt frå kysten

 

Som ein kontrast til Hydrosamfunna Årdal og Høyanger, finn vi dei mange verksemdene i regionen som har kome seg fram heilt på eiga hand. Ei av desse er Luster Mekaniske Industri i Gaupne.

Framo-eigde Luster Mekaniske Industri (LMI) i Gaupne leverer røyrsystem til oljenæringa i høgt tempo. – Vi ser veldig lyst på framtida, seier dagleg leiar Geir Øren. Røyrsystema er eigeutvikla og leverer til offshore-, onshore- og subseamarknaden. LMI har i dag 54 tilsette, og har så langt i år tilsett sju nye medarbeidarar.

– Har satsa på det vi kan
Verksemda er ei av få i Sogn som leverer produkt til oljenæringa. – Vi kom tidleg inn i denne marknaden, seier Øren. – Allereie i 1981 starta vi med vedlikehald offshore. Deretter kom vi inn i subseamarknaden på 90-talet, og i 2003 kom onshore landanlegg som ein ny marknad. Denne posisjonen har vi sidan makta halde på. Vi har satsa på røyrsystem og har utvikla eit eige konsept på dette som har slått an i marknaden. Vi har satsa på det vi kan – og har lukkast med det.

Skjerma frå konkurrentar
Øren fortel òg at det kan vere positivt å vere plassert så langt frå dei andre oljeverksemdene. – Vi ligg i ein skjerma del av verda utan konkurrentar. Sidan vi ligg her, har vi også makta å halde på arbeidsstokken sidan vi lokalt er lønsleiande.

Verksemda har sidan starten i 1981 hatt skiftande eigarar. Alle har på sin måte medverka til å posisjonere LMI i marknaden. I dag er verksemda 100 prosent eigd av Framo Engineering AS i Bergen, som dei også leverer ein stor del av produksjonen til i form av røyr til pumpene. Dette eigarskapet har medverka til å skape stabile tilhøve rundt verksemda.

Fleire oljebein å stå på
– Det er viktig for LMI å ha fleire bein å stå på for å gjere verksemda meir robust, seier Øren. – Før hadde vi berre offshore å levere til. Det var sesongprega, og det var gjerne stille om vinteren. No når vi òg leverer til onshore- og subseamarknaden, er det fullt kjør heile året.

Investerer i framtida
LMI merka krisa i Europa nokre månader i 2011 med låg etterspurnad. Vinteren og våren 2011 vart mykje satt på vent. – Det har no snudd og vi har til og med sagt nei til oppdrag, fortel Øren. I dag er subseamarknaden i stor vekst, og det drar vi god nytte av. I dårlege tider investerer vi i kompetanseheving for dei tilsette i staden for å permittere dei, samt nyttar høvet til produktutvikling. Slik sett brukar vi tider med låg etterspurnad til å investere i framtida.

Tilbake til hovudartikkel