Marine Bioproducts

MAT FOR MONS: På store tankar i Marine Bioproducts sitt produksjonslokale i Sund blir lakseolje lagra før den blir brukt i kattemat og anna dyrefôr. Raffinert lakseavfall har blitt ein eksportsuksess for verksemda. Foto: Pelle Engesæter

Marine Bioproducts

Eksport av lakseavfall

Havbruksnæringa er mest kjend for oppdrett av laks og aure. Men kva skjer med det som blir til overs etter at fisken er slakta? Marine Bioproducts har produksjonslokale på Skaganeset i Sund kommune og driv bioraffinering av restråstoff frå lakseslakteri. Produkta inkluderer laksemjøl, lakseolje og vassoppløyselege protein. Dei blir hovudsakeleg brukte til dyrefôr og fôr til hundar og katter. Denne siste gruppa har spesielt strenge krav til kvalitet.

Selskapet eksporterer 90 prosent av produksjonen, og dei største kundane finn ein i Nord-Amerika og Europa. Selskapet har òg noko eksport til Asia. Trass i at Europa utgjer den største marknaden for selskapet sine oljeprodukt, er dei i liten grad påverka av EU-krisa. – Det er tilbod og etterspurnad i heile marknaden for fiskeolje og mjøl som er avgjerande for oss, seier administrerande direktør Per Kristian Knutsen. - Når til dømes fiskekvotane i Peru blir redusert, slår det direkte inn i vår marknad. For tida er marknadssituasjonen god, vi sel alt det vi kan produsere, seier Knutsen som ikkje er uroleg for at den vidare utviklinga i Europa skal slå dårleg ut for selskapet. – Vi har ikkje merka at folk kjøper mindre mat til kjæledyra sine sjølv om økonomien i Europa går dårleg.

2012 har likevel vore eit utfordrande år for verksemda.  – Men det skuldast at vi flytta ut av gammal fabrikk og inn i en ny og større fabrikk. Det tok tid å få i gang produksjonen igjen, så vi tapte litt på det. Men no er produksjonen oppe og går for fullt, så eg ser lyst på 2013, avsluttar han.

Tilbake til hovudartikkel