Maritim foreining

UTVIDAR NETTVERKET: – Maritim Foreining har vist oss at det finst mange skjulte løyndomar i fylket, fortel Oddvar Aarberg, leiar i GDF SUEZ i Florø. Foto: GDF SUEZ

Maritim foreining

Styrkar samarbeidet

– For oss har samarbeid vore suksessfaktor nummer éin, fortel Steinar Holen i Østerbø Maskin. Han trur Maritim Foreining kan gjere det lettare òg for andre verksemder å etablere samarbeid og slik vinne innpass i oljesektoren. Maritim Foreining er eit av tiltaka som kan bidra til å styrke den petroleumsretta delen av næringslivet i Sogn og Fjordane. Foreininga som vart oppretta i april i fjor, inkluderer både oljeselskap og leverandørverksemder, i tillegg til ei rekkje verksemder innanfor den maritime næringa. Til saman representerer foreininga 5 000 arbeidsplassar i fylket. Nettverket skal arbeide for å synleggjere den kompetansen som finst i fylket og samtidig stimulere til auka innovasjon og samarbeid. – Gjennom Maritim Foreining har vi oppdaga at det finst mange skjulte løyndomar i fylket, seier Oddvar Aarberg i GDF SUEZ. Dei har vore med i foreininga sidan dag éin. – Det er mange verksemder i kommunar som Stryn, Høyanger og Årdal som leverer gode produkt. Eg trur det er fleire enn vi som har oppdaga det.

Kjelde: http://www.florain.no/Default.aspx?tabid=7586&newsid16643=2553

Tilbake til hovudartikkel